Søk

Du er her:

Småkraft: NVE parkerer konsesjonssøknader

Publisert 28.12.2009

- Det er lite tilfredsstillande at ein del søknader om småkraftkonsesjon no vert lagt fullstendig på vent, seier prosjektleiar Terje Engvik i Småkraftprosjektet som ein kommentar til nyhenda frå NVE om at 24 søknader i Vestlands-fylka vert lagde til side som følgje av mangel på nettkapasitet. - Det er heller ikkje i samsvar med oppmodinga frå Statnett og dei områdeansvarlege energiselskapa då dei sist sommar varsla at nye småkraftverk med konsesjon etter 1. april 2009 ikkje kunne få nett-tilknyting før sentralnettet mellom Fardal og Ørskog var rusta opp, seier Engvik.

Frå KvinnheradNVE har gjort kjent at i alt 25 søknader frå 1. halvår 2008 ikkje vert tekne opp til handsaming før nettkapasiteten på regional- og sentralnivå vert auka. I tillegg til den store flaskehalsen mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre har ein tilsvarande kapasitetsproblem i sentrale delar av Hordaland. Berre ein av dei utsette søknadene ligg utanfor Småkraftprosjektet sitt hovudområde på Vestlandet. I Hordaland vert søknader i Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Voss råka. I Sogn og Fjordane gjeld det søknader i Fjaler, Flora og Vik og Luster og i Møre og Romsdal Sunnmørskommunane Stranda, Vanylven, Volda og Ørsta.

- Ut frå den lange ventetida på konsesjonshandsaming ein har i NVE-systemet, er det til ein viss grad forståeleg at NVE har nettilgongen med som eit prioriteringkriterium, seier Terje Engvik. - Men å leggje søknader heilt på vent på ukjent tid er ikkje ynskjeleg. Nettselskapa treng nemleg best mogleg oversyn over småkraftplanane når nettopprustingane skal planleggast. Og vedtaket i NVE om å ikkje handsame desse søknadene før nettsituasjonen er betra, bryt direkte med oppmodinga frå Statnett og dei områdeansvarlege selskapa då tilknytingsstoppen på strekninga Fardal - Ørskog vart gjort kjent tidlegare i år. Netteigarane understrekte då at dei ynskte at vidare planlegging og konsesjonshandsaming av småkraftverk burde halde fram som før, sjølv om anlegga ikkje kunne få nett-tilknyting før nettkapasiteten var auka.

- Denne saka understreker to heilt sentrale forhold for den vidare utviklinga i småkraftnæringa, understreker Engvik. For det fyrste må det takast ytterlegare grep for at konsesjonshandsamings-køen ikkje skal bli for lang. Og for det andre er det avgjerande at ein snarast får etablert ein nettpolitikk som stimulerer til opprusting av linjenettet, slik at ny, fornybar energi kan komme ut til forbrukarane innanlands og utanlands, seier prosjektleiar Terje Engvik til slutt.

Her kan du lese heile meldinga frå NVE om utsette søknader og sjå lista over kraftverk.

CorePublish publiseringsløsning