Søk

Du er her:

Småkraft: Info-samarbeid med Småkraftforeninga

Publisert 09.12.2009

- Det er framleis stor trong for informasjon til fallrettseigarane om mulegheitene for å byggje ut småskala kraftverk med størst muleg lokal verdiskaping. -Tilhøva ligg til rette for eit godt samarbeid mellom Småkraftprosjektet i Bondelaget og Småkraftforeninga om informasjonsarbeid, slår prosjektleiar Terje Engvik i prosjekt småskala kraftverk fast etter å ha deltatt på årsmøta i lokalforeiningane av Småkraftforeninga i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal nyleg. Også i Hordaland er det utsikter til at Småkraftforeninga vil etablere ei lokalforeining.

 

Samarbeidsfokus på årsmøta

Frå årsmøtet i Småkraftoreninga i Sogn og FjordanePå årsmøtet i lokalforeninga i Møre og Romsdal i Spjelkavik nyleg oppmoda lokal styremedlem Egil Berge forsamlinga om å nytte seg av dei informasjonstenestene som Bondelaget sitt småkraftprosjekt hadde å by på. På årsmøtet i Sogn og Fjordane på Skei litt tidlegare var temaet "Bondelaget og Småkraftforeninga - samarbeidspartnarar eller konkurrentar?" sett på dagsorden som eiga sak. Etter innleiingar der prosjektleiar Terje Engvik presenterte prosjektet og røynsler frå prosjektarbeidet så langt, og dagleg leiar Bjørn Lauritzen i Småkraftforeninga presenterte vurderingane sine, var konklusjonen at Bondelags-prosjektet og Småkraftforeninga hadde felles mål, og at det lå til rette for å vidareutvikle det gode informasjonssamarbeidet som var etablert. I ein liten runde med innlegg frå salen, vart det uttrykt positiv haldning til at Bondelaget hadde markert seg med informasjon ute blant fallrettseigarane i fylket.

Diskusjonen om grøne sertifikat

Innleiarane Bjørn Lauritzen og Terje Engvik vert takka av leiar i Småkraftforenibnga i Sogn og Fjordane, Kurt DjupvikBakgrunnen for at temaet samarbeid eller konkurranse var sett på dagsorden, var nok i stor grad saka som har versert i haust om overgangsordningar for grøne sertifikat. Næringspolitisk har Bondelaget og Småkraftoforeninga i denne saka hatt ulike profilar, sjølv om organisasjonane i stor grad har vore samde i sak. Bondelaget har fokusert på dei positive sidene ved at overgangsordningar framover no ikkje vil føre til ein kunstig planleggings- og byggjestans, medan Småkraftforeninga har hatt sterk fokus på at tidlegare løfte om tilbakeverkande kraft for småkraftverk som vart starta opp frå 2004, ikkje er innfridde som føresett. Det har vore ein del debatt kring skilnadene i strategi. Men ulike vinklingar mellom organisasjonane i næringspolitiske saker skal ikke verke inn på det gode, løpande samarbeidet om å få ut aktuell småkraftinformasjon til fallrettseigarar, var det semje om.

Breitt samarbeid

- Generelt er det rett av Småkraftprosjektet å ha ei brei kontakt- og samarbeidsflate for best mogleg å kunne nå måla i prosjektet, understreker prosjektleiar Terje Engvik. I tillegg til Småkraftforeninga samarbeider prosjektet med mange andre aktørar i landbruks- og småkraftnæringa. I Hordaland gjeld dette ikkje minst det nystarta Kompetansesenteret for småkraft i Samnanger, som Samnanger kommune står bak i lag med ein del andre offentlege og private aktørar i området.

CorePublish publiseringsløsning