I gjennomgangen sin peika Erling Sande på trongen for meir rein, fornybar energi i klimasamanheng. Han tok føre seg avvegingane mellom natur- og miljøomsyn på den eine sida og verdiskapings- og klimaomsyn på den andre sida og peika på at det no er 2 verna vassdrag i landet der det er opna for å kunne tillate småkraftverk inntil 3 megawatt. I tillegg til Bjerkreim-vassdraget i Rogaland har Vefsna i Nordland fått same status.
- Det er heilt klart trong for ei oppmjuking av regelverk og forvaltningspraksi for småskala kraftverk i verna vassdrag, sa prosjektleiar Terje Engvik frå Bondelaget sitt småkraftprosjekt. - Skjematiske grenser er ikkje nokon god styringsreiskap for å ta vare på naturverdiar, sa han. - Fallrettseigarane bør få høve til å utnytte flaumvatnet der det ikkje gir konkrete miljøulemper, slo han fast. - Så får ein på den andre sida godta at enkelte prosjekt må få avslag når reelle miljøargument taler imot småkraftutbygging.
- Det største problemet for oss har vore den seige sakshandsamingstida, sa grunneigar Torbjørn Thue då han orienterte forsamlinga om røynslene. - 9 år etter at vi starta opp prosessen ventar vi no snart avgjerda på konsesjonssøknaden. Dei småskala kraftverka som er bygde i Gaular-vassdraget, representerer berre om lag 2% av potensialet i hovudvassdraget, og dei skader ikkje verneverdiane, peika han på. - Det er rom for meir utbygging. Også Thue var misnøgd med den skjematiske grensa på 1 megawatt i vassdraget.
Etter at Magne Geir Verlo frå NVE hadde orientert om sakshandsamingsreglar, kom det i debatten fram at det såg ut til at praksisen i det siste var blitt skjerpa når det gjeld krav om konsesjon i forhold til å late saka gå som meldingssak med handsaming i kommunen etter plan- og bygningslova. Verlo uttrykte at NVE heldt seg til ein stabil praksis. Men fleire hadde registrert at Fylkesmannen si Miljøvernavdeling såg ut til å ha skjerpa haldninga til konsesjonshandsaming i sine uttalar. Og full konsesjonshandsaming av prosjekt i verna vassdrag betyr at det kan gå ein god del år ekstra.
For spørsmål, innspel og røynsler om småskala kraftverk i verna vassdrag, kan ein ta kontakt med prosjektleiar Terje Engvik i Bondelaget sitt småkraftprosjekt.