Søk

Du er her:

Alvorleg når byråkratiet undergrev demokratiet

Publisert 01.02.2012

- Eit hån mot stortingsforliket frå sist sumar. Det meiner fylkesbondeleiar Erik Fløystad i Aust-Agder.

- Eit samla Storting vart samde om eit bestandsmål for dei ulike rovdyra." seier Erik Fløystad (bildet), klårt og tydeleg
Etter ei grundig - og fagleg vurdering kom nemnda fram til ei kvote på 32 dyr i Region 2. Dei to interesseorganisasjonane"Foreningen Våre Rovdyr" - og "Aksjonen Rovdyrets Røst" leverte klage på desse kvotene.
Brått og uventa  he så departementet teke i bruk eit nytt "prognoseverktøy" for utrekning av kvotetal - dei to interesseorganisasjonane er bønhøyrde - og dagen før gaupejakta tek til vert altså talet på fellingsløyve meir enn halvert.
" Dette vil garantert få eit politisk etterspel på nasjonalt nivå.  Kor i all verda er respekten for stortingsfleirtalet."
Erik Fløystad bur seg på kamp. Hjå Aust-Agder Bondelag er det mange som ristar på hovudet i dag." Det kan då ikkje vere slik at byråkratiet overkøyrer eit klinkande klårt stortingsfleirtal."

Kåre Gunnar Fløystad, fylkestingsrepresentant for SP, og Aust-Agder fylke sin mann i rovviltnemnda, Region 2, er minst like opprørt. På mange måtar djupt såra og vonbroten.
Store delar av føremiddagen he han site i telefonkontakt med politikarar frå den øvste, nasjonale divisjonen. Reaksjonane er sterke, på tvers av partigrensene. " Dette er dramatisk. Dette er  umyndiggjering og overstyring. Dette er ei sak som garantert vil skape eit himla rabalder. Eg må vere varsam med vokabularet, men her er det vanskeleg å uttale seg utan å bruke stygge ord."

Heile artikkelen les på på heimesidene til Aust-Agder Bondelag

Bondelagets temaside rovvilt

Av: Øystein Moi

CorePublish publiseringsløsning