Det skriv leiar Arne Magnus Aasen (t.h.) og organisasjonssjef Gunnar Wentzel i ei pressemelding.
Det vert peika på at tap av sau og lam i Trollheimen ser i år ut til å bli rekordstort. Situasjonen er ein alt for stor belastning for sauebøndene. Møre og Romsdal Bondelag har frå første høyring vore sterkt mot at Trollheimen skulle bli ein del av yngleområda for jerv. Tidlegare var kjerneområde for jerv vist til Dovre og Reinheimen. Inn i Trollheimen går Oppdal og Rennebu kommunar som er halde utanom yngleområdet. Møre og Romsdal skal ta medansvar for yngleområde for tre jerv og som vi må vise til to av dei største verneområda i landet med høgfjell, Dovre og Reinheimen.
Problema med sauehaldet i nabokommunane på Nordmøre er slik at det heller vil vere ønskjeleg at fleire kan ha sommarbeite i fjellet i Trollheimen. Møre og Romsdal Bondelag har bede Rovviltutvalet for region 6 å få til ein sterk auke i talet på fellingsløyve innanfor yngleområda i fylket. Målet for ynglande jerv er oppfylt både i vårt fylke og på landsbasis.
Jervbestanden i Møre og Romsdal har vore aukande i fleire år. Under lisensjakta 2007-2008 vart det felt 5 jervar i fylket. I tilegg vart det felt 2 under helikopterjakt i mars. Dette er det største talet av felte jerv på eit år i vårt fylke. Til tross for det vart det påvist 6 ynglingar av jerv i 2008. Alle innafor det såkalla yngleområdet. I heile region 6 vart det registrert 12 ynglingar.
Altså var halve av ynglingane i region 6 i vårt fylke. Det vart likevel ikkje teke ut nokon av desse hia. Dette er Direktoratet for Naturforvaltning sitt ansvar. D.N. gjorde vedtak om at hiet i Rindal skulle takast ut, men det var så seint som 20. mai, og ungane hadde forlate hiet. Berre ein unge vart felt og tispa og dei to andre ungane kom seg unna.
Rovviltutvalet har gjeve løyve til lisensfelling av berre 3 dyr i yngleområdet i Møre og Romsdal. Samla kan det fellast 35 dyr i region 6. Jervbestanden i vårt fylke er frå før for stor. Med felling av berre 3 dyr innanfor yngleområdet vil bestanden bli enno større. Difor krev vi at forvaltningsstyresmaktene no prioriterer sauehald i Trollheimen framfor jerv, seier leiar Arne Magnus Aasen og organisasjonssjef Gunnar Wentzel i ei pressemelding etter at fylkesstyret har drøfta situasjonen på bakgrunn av mange ytringar frå medlemene.
