Rovviltutvalet er i gong med rullering av forvaltingsplana og ber om innspel til utkast pr nov 2008.
Biletet: Fylkespolitikar Toril Melheim Strand frå Nesset leier Rovviltutvalet for Region 6 - Midt-Norge.
1 Vi er tilfreds med at Rovviltutvalet Region 6 ”vil arbeide politisk med” tiltak som :
- Hiuttak av jerv og vårsnøuttak av bjørn i område med store skader. Men vi meiner det også må gjelde i område med mål om yngling når behovet er til stades.
- At det offentlege tek ut resterande kvote som skadefelling.
- Høve til skadefelling ved dokumentert tap til kongeørn.
- Høve til bruk og elektronisk overvaking av jervebås.
- Dispensasjon frå krav til produksjonstillegg om 8 veker på utmarksbeite der det er sett i verk beiteavgrensande tiltak.
2 Vi krev at Rovviltutvalet Region 6 tek Trollheimdelen av Møre og Romsdal ut av yngleområdet for jerv i samband med rulleringa av forvaltingsplanen no
Målet om 3 ynglande jerv i fylket er oppfylt innan dei store høgfjells verneområda Dovre-Sunndal og Reinheimen. Møre og Romsdal Bondelag vil difor igjen krevje at resten av Trollheimen bli teke ut av yngleområdet no saman med Oppdal og Rennebu. Trollheimen må vere prioritert som beiteområde/kulturlandskapsområde. Trollheimen har bestand av rundt 1.000 rein på vinterbeite. Vidare er det mål om 2 ynglande gaupe på nordre Nordmøre. Det har over mange år vore arbeida med forsking på tapsårsaker m.a. på Nordmøre. Og det er no arbeidd på gang med det aukande problem som flåttbårne sjukdomar kan medføre for sau.
Vi meiner Trollheimen oppfyller alle kriteria som er sett opp for skadefelling i samband med geografisk differensiert forvalting: Verdi som beitemark for sau og rein. Omfang og utvikling av skadar. Potensialet for framtidig skader på sau og rein. Mulegheitene for å gjennomføre førebyggjande tiltak som er vanskeleg. I tillegg er topografien slik at det vanskelegare å halde oversyn med både jervbestanden og beitedyra enn i mange andre høgfjellslandskap.
3 Kongeørn : Vi konstaterer at det i Møre og Romsdal er estimert 95 – 123 hekkande par.
4 Forvaltinga av rovdyra er i ferd med å kome ut av kontroll i Region 6
Forvaltingsstyresmaktene må, forutan i Trollheimen, prioritere beitebruk framfor (ynglande) rovdyr i husdyrtette område og i område med vekt på levande kulturlandskap. Det gjelder slike beiteområde som Vistdalsfjella, Ulvådalen og Vermedalen, Grøvudalen, m.v. Etter det vi kjenner til er det to ynglingar berre i Vermedalen.
Når vi meiner forvaltinga er ute av kontroll baserer vi det på at :
- Bestandsmåla for jerv er overoppfylt i Region 6 og i Norge.
- Rovdyrsituasjonen medfører fleire plassar betydelege dyrelidingar, tap for beitebrukarane i eit slikt omfang at dei vel å slutte, og store konfliktar som følgje av dette, og at dette er noko som Rovviltutvalet for Regionen erkjennar.
- Rovdyra er i ferd med å spreie seg utover til nye dyretette og folkerike områder og der det er enno vanskelegare å halde kontroll med bestanden.
- Bestandsregulering har vist seg vanskeleg og krevjande både ved jakt og hiuttak.
5 Fordeling av ynglande rovdyr over eit for stort område vil gjere styring av forvaltinga umuleg.Vi meiner det er svært uklokt å praktisere byrdefordelingsprinsippet på ein slik måte at ein spreier rovdyr og yngling ut over nye og store område, og til terreng med uoversiktleg topografi der det er svært vanskeleg å føre kontroll både med rovdyrbestand og beitedyr. Dersom vi ikkje gjer tiltak no blir det vanskelegare når bestandet blir for stort og rovdyra har utvida sine leveområde.
6 Bestandsregulering eit offentleg ansvar – ikkje bøndenes
Det er staten ved forvaltingsstyresmakta, ikkje bøndene, som har ansvaret for oppfølging av forvaltningsplanane. Til sporing og felling av skadedyr i samsvar med løyve trengst tid, kunnskap og utstyr.
Vi viser m.a. til jervetispa med unge som skulle takast ut av Statens Natuoppsyn i Vermedalen vinteren 2007/2008, samt bjørnen som det vart gjeve fellingsløyve på i Vistdalen vår/sommar 2008.
7 Forvaltingsplane manglar status over ynglingar
Vi saknar at forvaltningsplana gir oversyn over status ynglande rovdyr for dei einskilde områda i dag jamført med måla, og med både stadfesta og mulege ynglingar. Det er framleis vår vurdering at det er meir rovdyr enn det som er registrert, og difor også store mørketal når det gjeld rovdyrtap.
8 Bestandsmålet for jerv oppfylt – bestanden må ned
Møre og Romsdal Bondelag vil minne om vårt skriv av 21. oktober der vi ber om at Rovviltutvalet for region 6 går inn for ein sterk auke i talet på fellingsløyve innanfor ynglingsområda i fylket.
Jervbestanden i Møre og Romsdal har vore aukande i fleire år. Under lisensjakta 2007-2008 vart det felt 5 jervar i fylket. I tilegg vart det felt 2 under helikopterjakt i mars. Dette er det største talet av felte jerv på eit år i vårt fylke.
Til tross for det vart det påvist 6 ynglingar av jerv i 2008. Alle innafor det såkalla yngle-
området. Målet er 3 ynglingar i Møre og Romsdal.
I heile region 6 vart det registrert 12 ynglingar. Altså var halve av ynglingane i region 6 i vårt fylke. Det vart likevel ikkje teke ut nokon av desse hia. Dette er Direktoratet for Naturforvaltning sitt ansvar. D.N. gjorde vedtak om at hiet i Rindal skulle takast ut, men det var så seint som 20. mai, og ungane hadde forlate hiet. Berre ein unge vart felt og tispa og dei to andre ungane kom seg unna.
Med bakgrunn i det som er nemnt er det både uhaldbart og uforståeleg at Rovviltutvalet
har gjeve løyve til lisensfelling av berre 3 dyr i yngleområdet i Møre og Romsdal når det samla kan fellast 35 dyr i region 6. Jervbestanden i vårt fylke er frå før for stor. Med felling
av berre 3 dyr innanfor ynglingsområdet vil bestanden bli enda større.
Talet på sauebuskapar i Møre og Romsdal er i sterk nedgang. Det store rovdyrpresset
er med og reduserer talet på sau i stadig fleire bygder.
9 Mellom førebyggjande tiltak som ser ut til å ha ein viss effekt er :
- Utvida/ekstraordinært tilsyn kombinert med andre tiltak.
- Tidleg sanking mot beitevederlag når omfattande skade oppstår. Men dette er eit alvorleg inngrep i beitebruksretten i og med at det fordrar sanking av all sau i området.
10 Etablering av ekstra haustbeite i gardsnære område eller seter-/sommarfjøsregionen evt med rovdyrsikre gjerde
Vi er framleis positive til oppretting av felles inngjerda beiteområde, som på gamal kulturmark, for bruk som haustbeite ved tidleg sanking. Dette kan vere eit ønskjeleg og naudsynt førebyggjande tiltak. Samstundes kan det nyttast som kulturlandskapstiltak. Evt kan det vere aktuelt med rovdyrsikre gjerde. Kostnadene må belastast førebyggjande rovdyrtiltak. Det er ei utfordring å halde slike område i hevd heile vekstsesongen.
11 Møre og Romsdal Bondelag er vidare tilfreds med dette i forvaltingspolitikken :
- Lettare å ta ut rovdyr som valdar stor skade og jervehi.
- Godtgjersle for tips om nye ynglingar jerv med kr 5.000.
- Forvaltinga legg no vekt på lokal medverknad og kontakt, tips og samarbeid.
- Informasjon om bruk av jervebås.
- Leiaren i Rovviltutval Region 6 opptrer offentleg med forståing og respekt for næringa.
- Forvaltningsorgan, slik som Møre og Romsdal fylke, har valt å oppretthalde eige Rovviltutval i fylke som lokalt kontaktorgan, og framtrer balansert og konfliktdempande.
12 Full lokal og fylkesvis forvalting innan bestandsmål bør vere siktemålet på sikt
I samband med rullering av forvaltingsplanen finn vi igjen grunn til å peike på vår prinsipielle handling om at det bør bli lagt til rette for størst muleg grad av lokal forvalting i kommunane.
Vidare meiner vi reforma som Stortinget har gått inn for med nokre store regionale rovdyrregionar er unødig kostbart og kompliserande i forhold til den fylkesvise forvaltinga som var før. Det viser også det faktum at Møre og Romsdal fylke har sett det som ønskjeleg å oppretthalde fylkesutvalet basert på det gode samarbeidet. Verdien av kontakt i fylket er også understreka i utkastet til forvaltingsplan. Rovdyrbestanden i Møre og Romsdal har lite felles med Trøndelagsfylka.
