Her er fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag si høyringsfråsegn om Strategi og forvaltningsplan for rovdyr i Møre og Romsdal:
Vedtak:
Styret vil leggje opp til denne strategien vidare i rovdyrarbeidet:
- Møre og Romsdal fylke bør ha ambisjon om også framover å vere eit aktivt husdyrfylke der beitebruk med husdyr i landskapet er prioritert arealbruk på inn- og utmark.
For småfe er dei beste beita i indre strok der det også er rovdyrproblem.
Sunnmøre er utanfor område for ynglande rovdyr og med det utan store rovdyrproblem.
Jerv:
Områda med ynglande jerv må vere i dei indre og høgareliggjande fjellstroka midt i fylket opp mot nabofylka der det er naturlege byttedyr.
Trollheimen meiner vi skal vere utanfor området for ynglande jerv liksom Oppdal og Rennebu og slik Rovviltnemnda no har innstilt på i forslag til ny forvaltningsplan.
Fylkeslaget godtek at det er inntil 3 ynglande jerv plassert i dei store verneområda Snøhetta og Reinheimen som også har naturlege byttedyr.
Gaupe:
Nordmøre har mål om 2 ynglande gaupe sør til Sunndalen – Sunndalsfjorden. Rovviltnemnda går for at det skal vere lite jakt på gaupe i dette området for å byggje opp bestanden. Vi meiner det er prinsipielt ønskjeleg at det er høve til jakt slik at kvoten burde vere på minst ein gaupe, slik Rovviltnemnda no har vedteke for 2011. Resten av fylket har kvotefri jakt på gaupe.
