[28.09.2011] Sauebønder i Nesset, Sunndal og Surnadal opplever rekordtap av lam. For Gudmund K. Kvendset blir det rektortap av sau på beite i år. Han slepte omlag 90 dyr på beite, men kvart fjerde dyr var borte da sauesankinga var ferdig. Ingebrigt Bolme i Mattilsynet sier å gi beitenekt til sauebønder ikke er noe de ønsker, derfor jobber de mot andre organ for å få fortgang på uttak av jerv (DRIVA)
[26.04.2011] Rovviltnemnda i Midt-Norge sitt vedtak torsdag før påske om at heile Trollheimen skal bli prioritert beiteområde for sau, og ikkje yngleområde for jerv, er heilt i tråd med tilrådingane Møre og Romsdal Bondelag har teke til orde for i mange år. – Vi er glad nemnda støttar vårt syn, seier organisasjonssjef i Bondelaget, Gunnar Wentzel.
[30.12.2010] På siste fylkesstyremøte drøfta styret i Møre og Romsdal Bondelag den vidare strategien i rovdyrarbeidet. Styret peikar på at Møre og Romsdal fylke bør ha ambisjon om også framover å vere eit aktivt husdyrfylke der beitebruk med husdyr i landskapet er prioritert arealbruk på inn- og utmark. For småfe er dei beste beita i indre strok der det også er rovdyrproblem. Sunnmøre er utanfor område for ynglande rovdyr og med det utan store rovdyrproblem.
[20.10.2010] - Det er meget gledeleg at ei samrøystes rovviltnemnd i region 6 på sitt møte tysdag no foreslår jervefritt beiteområde i Trollheimen. Møre og Romsdal Bondelag kravde alt da første forvaltningsplan etter det nye rovdyrregimet vart vedteke for åtte år sidan at Trollheimen skulle vere prioritert som beite- og kulturlandskapsområde og fri for ynglande jerv, seier organisasjonssjef Gunnar Wentzel (biletet).
[12.10.2010] Møre og Romsdal Bondelag kravde alt da første forvaltningsplan etter det nye rovdyrregimet vart vedteke for åtte år sidan at Trollheimen skulle vere prioritert som beite- og kulturlandskapsområde og fri for ynglande jerv. Målet om tre ynglande jerv i vårt fylke er meir enn oppfylt innan dei store høgfjells- og landets største verneområde Dovre-Sunndal og Reinheimen.
[03.09.2010] Stortingspolitiker Tove-Lise Torve (Ap), Sunndal, vil kreve at Trollheimen blir strøket som yngleplass for jerv. Politikeren mener historien taler for at Trollheimen og Sunndalsfjella er beiteområder for sau. (Driva)
[02.12.2008] - Vi er tilfreds med ei rekkje av dei tiltaka som Rovviltutvalet for vår region vil arbeide for. Men rovdyrforvaltninga er i ferd med å kome ut av kontroll ved at bestanden aukar i stadig nye område. Det er behov for at Møre-delen av Trollheimen blir prioritert til beiting og ikkje skal ha yngling av jerv liksom for Oppdal og Rennebu. Bestandsmålet om minst tre ynglande jerv er overoppfylt i dei store verneområda i fylket, Dovre og Reinheimen. Ved å praktisere byrdefordelingsprinsippet slik at ein smører problemet ut over store område blir det snart håplaust å kontrollere rovdyrstammen, meiner Møre og Romsdal Bondelag i sitt svar til rullering av forvaltningsplana for rovdyr.
[10.11.2008] Møre og Romsdal Bondelag vil ikkje godta at Trollheimen skal vere yngleområde for jerv. Det store og omfattande sauehaldet også på Møresida av Trollheimen med rundt 5.000 dyr på sommarbeite raknar. Det er uhaldbart når våre medlemer no fort vekk tapar 50 dyr. Trollheimen er verna som landskapsvernområde. No må styresmaktene velje å prioritere Trollheimen som beiteområde.
Styret i Møre og Romsdal Bondelag ber i eit brev til det regionale rovviltutvalet for Region 6 at dei med bakgrunn i rovdyrtapa i år tek opp att forvaltninga av jerv slik at vi kan få ein sterk auke i talet på fellingsløyver innanfor ynglingsområda i fylket.
- Møre og Romsdal har vesentlige tap til rovdyr, og tapene er større enn folk flest er klar over. Jerv opptrer og yngler dels i stadig nye områder, utover på halvøyene i fylket, også til nordre deler av Sunnmøre der det skal være ”rovdyrfritt”. Det skriver fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag i sine innspill til Norges Bondelag om erfaringer med forvaltningen av rovviltpolitikken i fylkene.