Søk

Du er her:

Kontakt Rogaland Bondelag på tlf. 51887270 / rogaland@bondelaget.no

Styret går frå forslaget om kvotedeling av fylket

Publisert 20.12.2010

Styret i Rogaland Bondelag sitt forslag i uttalen sin til jordbruksforhandlingane våren 2010, om deling av fylket i to soner ang. mjølkekvoter, førde til ein del reaksjonar. Enkelte lag har støtta det, men andre distrikt har reagert heller kraftig. Fylkesstyret har brukt mykje tid på saka og drøfta ho på kvar einaste styremøte i haust. Fylkeslaget har og hatt møte med TINE Meieri Sør og hatt ho oppe på både distriktsmøta og på leiarmøtet i haust.

På styremøtet nå i desember stod saka på nytt på dagsorden og etter denne grundige gjennomgangen av ho der styret ser at forslaget ville få heller store negative utslag for deler av fylket, gjorde styret på møtet 15. desember følgjande vedtak:

”Styret i Rogaland Bondelag har nytta mykje tid til å drøfta kva tiltak ein kan setja i verk for å oppretthalda mjølkeproduksjonen og fagmiljøet i heile fylket. Forslaget i uttalen til jordbruksforhandlingane 2010 om å dela fylket i to soner ang. kvoteordninga, har skapt sterke reaksjonar og styret ser at forslaget ville gitt ein del uheldige utslag. Styret i Rogaland Bondelag har ut frå dette gått vekk frå forslaget.

Forslaget har likevel sett fokus på ei sak som det er brei semje om. Styret vil difor fortsetja å arbeida for å oppretthalda eit aktivt landbruk over heile fylket i trå med nasjonale mål om å ha eit aktivt landbruk over heile landet.

Ut frå grundige drøftingar vil fylkesstyret føreslå følgjande tiltak for å oppretthalda eit aktivt landbruk med vekt på mjølkeproduksjonen i heile fylket:

• Betra den generelle økonomien innan landbruket og særleg mjølkeproduksjonen i distrikta. Ulike distriktstillegg og produksjonstillegget må styrkast. Dette må ikkje føra til reduksjon i ulike ordningar for andre distrikt slik det vart gjort t.d. for Jæren under forhandlingane våren 2010. Ingen bønder har noko å gi frå seg.
• Midlar til investering må aukast kraftig og dei økonomiske rammevilkåra må verta slik at det er økonomisk forsvarleg å foreta investeringar til nytt fjøs på gardsbruk med ein produksjon tilsvarande ein familiebruksstørrelse.
• Saman med TINE vil ein vera med å stimulera til etablering av mjølkeprosjekt i ulike regionar av fylket der hovudmålet må vera å styrka det faglege miljøet og at produksjonen vert oppretthalden i heile fylket.
• Endringar i regelverket for kvoteordninga er på høyring for tida. Ut frå det vil styret koma tilbake til evt. endringar av det regelverket i samband med fylkeslaget si behandling av det forslaget i styremøtet i januar 2011.”

Av: Svein Helge Harbo

CorePublish publiseringsløsning