Søk

Du er her:

Kontakt Rogaland Bondelag på tlf. 51887270 / rogaland@bondelaget.no

Landbruksmeldinga i eit Rogalands perspektiv

Publisert 05.03.2010

Eit effektivt grensevern og krav om at inntektsmålet og velferdsordningane må vera på eit nivå som sikrar rekrutteringa til næringa, er noko av hovudbudskapet til fylkesleier Arna Høyland under innlegget i Bergen i dag. Landbruks- og matminister Brekk har kalla inn til fem regionmøter der han ynskjer å få innspell til viktige punkt i den nye landbruksmeldinga departementet skal arbeida med resten av året.

I innlegget sitt peikar fylkesleiaren som har Bondelaget sitt innlegg, på at landbruket må fortsatt vera ei politisk næring der ambisjonsnivået er høgt og der hovudmålet er eit aktivt og økonomisk bærekraftig landbruk over heile landet. Dette er det brei politisk semje om understreker ho, men stiller spørsmål om det er politisk vilje å betala for dette?

Vidare stiller ho spørsmålet om kva som må til og gir følgjande svar:

• Eit effektivt grensevern
• Inntektsmålet og gode velferdsordningar må vera på eit nivå som sikrar rekruttering til næringa
• Med grunnlag i ein berekraftig produksjon må ein ha ei målsetjing om å minst auka produksjonen i samsvar med auken i den nasjonale befolkninga. Sjølvforsyningsgraden må betrast og landet må ha rett til å produsera mat til eiga befolkning. Rogaland skal også ha sin del av denne produksjonsauken.
• Måla ein set opp for norsk landbruk må vera faktabaserte. Synsing og enkle vurderingar må ikkje vera grunnlag for landbrukspolitikken som skal førast.
• Meldinga må ta i vare utviklingsbonden – bonden som vil satsa på ei framtid i næringa. St.meld nr 19 Om norsk landbruk og matproduksjon har i for stor grad, vore til fordel for avviklingsbonden. Vi har i for stor grad tappa næringa for kapital (eks ordninga med kjøp/sal av mjølkekvotar).
Resten av innlegget hennar er gjengitt nedafor:

Den norske modellen må sikrast
Den norske modellen må sikrast og styrkast for framtida. Svekking av modellen vil og svekka samvirke sin posisjon i marknaden og som i neste omgang og vil svekke markedsordningane som er viktige for å oppretthalda eit landbruk over heile landet. Eit solid samvirke er også viktig i kampen om kven som skal ha kontroll over maten og verdiskapinga. Rogaland har ein betydelig næringsmiddelindustri og det er satsa stort både frå samvirke og private aktørar. Konkurransen er tøff og det er viktig at ein legg opp til tilnærma like konkurranseforhold mellom samvirke og private. Samvirke er pålagt for stort samfunnsansvar i dag. Dette svekker samvirke for å drive effektivt og vera konkurransedyktige i dei mest sentrale landbruksområda, men samvirke har eit ansvar sjølv og om å vera effektive og skape tillit overfor både produsentar og forbrukarar. Viss landbruksministeren meiner at modellen er god må det handling og målretta tiltak til – vi styrker ikkje den norske modellen med fagre ord.

Landbruket må også satse på å vere ei kunnskapsbasert næring. Det må vere gode etterutdanningstilbod til bonden og det må satsast endå meir på å skreddarsy tilbod i den vidaregåande skulen slik at ungdommen tek landbruksutdanning. Landbruksutdanning må få høgare status enn den har i dag. Dette gjeld for dei som skal bli bønder i framtida, men det er også retta mot den landbruksfaglege rettleiingstjenesta. Landbruket treng fagfolk med spesialkompetanse og ein ser ein trend av at færre vel å utdanne seg i den retning. Bonden stiller andre krav både til seg sjølv og til rettleiingstjenesta. Økonomi og driftsleiing er to sentrale områder bonden må ha større fokus på i framtida for å ta dei rette avgjerslene ved ei investering og for å få ei best muleg lønnsemd i produksjonen.

Strukturendringane i landbruket har vore store, men det økonomiske resultatet av denne effektiviseringa har på langt nær svart til forventningane. Staten har sjølv teke inn ein alt for stor del av denne gevinsten. Skal vi i Rogaland utvikle landbruket vårt og utnytte dei naturgitte resursane vi har som gras- og beitefylke, må det leggjast opp til at det vert muleg å utvikle bruka ut frå dei naturgitte forholda i distrikta – der gode fagmiljø er ein suksessfaktor. Landbruket på Jæren er lokomotivet i Rogaland og ein må ha fokus på utviklinga også der.

Klimakrava
Klimautfordringane er viktige når vi skal auke den totale matproduksjonen på same tid som utslepp skal ned. Dette er eit samfunnsansvar som landbruket skal ta sin del av i lag med andre næringar. Innan klimaarbeidet må ein ha realistiske og faktabaserte mål. Det er sett klare mål i Rogaland for energibruken og utsleppa i landbruket. Ein vil erstatte naturgass med meir bruk av bioenergi/biogass i veksthus. Veksthusnæringa har investert mykje i å kunne nytte seg av naturgassen som går i røyr allereie. Det må være rom for lokale tilpassninger når det gjeld energibruk. Det viktigaste tiltaket for å redusere klimagassar er anlegg for biogassproduksjon av husdyrgjødsel. Det bør heilt klart vere ei prioritering frå politisk hold og gjere desse investeringane lønnsame. Restfraksjonane etter biogassproduksjonen(organisk heilgjødsel) kan erstatte vanleg handelsgjødsel.

For å ivareta krava i vannforskriftene er det behov for tiltak som reduserer avrenning frå landbruket, samtidig som ein skal oppretthalde og helst auke matproduksjonen. Støtteordningar til dette må prioriterast gjennom den nye meldinga.

Det er ikkje mogleg å oppretthalda norsk landbruk utan import av korn. Skal ein auka matproduksjonen i landet må ein auka importen av korn. Landbruket i Rogaland er avhengig av import av korn frå andre deler av landet og/eller utlandet. Normalt utgjer norsk korn 65 -70 % av innhaldet i kraftforblandingane. Resten er importert vare for å oppnå ein kvalitet husdyrhaldet krev. Importregimet for denne importen må løysast opp for å kunne utnytte det norske kornet best mogleg. Ein må kunne importere når norsk korn ikkje held den kvaliteten som krevst i husdyrproduksjonen. Kvaliteten på kraftforet er avgjerande for økonomien til bonden og særleg når marginane er små. Norge bør satsa på ei fornying og utvikling av planteslag for produksjon av konsentrert karbohydrat til kraftforproduksjonen.

Rekrutteringa
Landbruksmeldinga må retta fokus på korleis ein skal styrke rekrutteringa, men det viktigaste er å auke lønnsemda i landbruket. Rogaland har resursar med indrefileen av den mest produktive jordbruksjorda i Norge som eignar seg til grasproduksjon. Den største trusselen er nedbygginga. Rogaland har store resursar av innmarksbeite – den største trusselen her er gjengroing. Gjennom ein målretta landbruksmelding må ein forhindre at dette skjer.
 

Av: Svein Helge Harbo

CorePublish publiseringsløsning