Styret i Rogaland Bondelag oppretta for kort tid sidan ei eiga arbeidsgruppe som skal vera ei støttegruppe og medspelar for styret gjennom heile perioden fram til ny landbruksmelding føreligg våren/sommaren 2011. Denne gruppa har i denne omgangen hatt eit møte og innstillinga deira vart behandla i styret nå i februar. Utgangspunkt for arbeidsgruppa var spørsmål Norges Bondelag ba om å få tilbakemeldingar på. Ved behandlinga av saka i styret slutta dei seg til arbeidsgruppa sitt forslag. Nedafor er heile innspelet gjengitt. Dette er sendt over til Norges Bondelag for å tast med i organisasjonen sitt vidare arbeid med saka.
Styret vil prioritera denne saka fortløpande og arbeidsgruppa vil også seinare verta engasjert.
