Søk

Du er her:

Kontakt Rogaland Bondelag på tlf. 51887270 / rogaland@bondelaget.no

Aktivt engasjement på jordvern i Rogaland

Publisert 10.12.2009 - sist oppdatert 14.12.2009

Jordvernsaka står fortsatt sentralt i Rogaland. Måndag 7. desember deltok Ole N. Skuldberg frå Norges Bondelag på orienterings- og synfaringssamling her i fylket for å setja seg inn i situasjonen på Nord-Jæren. Målet er og å trekkja Norges Bondelag sterkare med i jordvernsakene her i fylket. Initiativet til opplegget var Jordvernutvalet til Rogaland Bondelag.

 

Dagen starta med orientering og synfaring på Nærbø der leiar i det lokale jordvernutvalet Roy Engelsvoll orienterte om situasjonen og planane frå enkelte politikarar for framtidig utbygging rundt Nærbø sentrum. Vert dei mest omfattande planane realiserte vil det gå med mykje god matjord aust for dagens sentrum

Situasjonen rundt Sandnes med særleg vekt på planane ang. bybanetrasse aust for Sandnes, var det andre målet for opplegget. Her slutta ein seg på ei orientering og synfaring representantar frå fylkeslandbruksstyret hadde organisert. Av Sandnes kommune fekk ein først ei god innføring i kommunen sin Masterplan der dei har vist korleis dei vil løysa oppgåva med å styre framtidig utbygging i retning aust for Sandnes. Etter denne planen vil mykje av jorda på Vatne verta bygd ned før ein får utbygginga inn i området lenger aust der det er brei enighet om er dei rette områda for utbygging framover. Det er nedbygginga av Vatne-jorda Jordvernutvalet til Sandnes Bondelag ved Paul Kyllingstad i spissen har reagert sterkt på. Med ein annan trase for bybanen enn hovudforslaget i Masterplanen, viste Paul Kyllingstad at ein kunne spara opp mot 1400 dekar dyrka jord.

Masterplanen til Sandnes Kommune er lagt ut på høyring med frist til 1. februar 2010 og Sandnes Bondelag v/jordvernutvalet vil følgja utviklinga og ikkje minst sjå situasjonen ann etter at Fylkeslandbruksstyret har kome med sine merknadar til planen i sitt siste møte 17. desember.

Av: Svein Helge Harbo

CorePublish publiseringsløsning