Medlem av arbeidsutvalet til Norges Bondelag Einar Frogner, kjem frå sentralt hald og vil trekkja opp viktige liner for forhandlingane til våren i tillegg til at han og vil gå inn på Norges Bondelag sitt arbeid med ny landbruksmelding. Ny landbruksdirektør Hadle Nevøy vil i korte drag ta for seg den regionale landbruksplanen som er under utarbeiding og vurdera korleis landbruket i fylket kan bruka dette opp mot arbeidet med ny sentral landbruksmelding. Rogalandslandbruket er viktig i ein nasjonal samanheng og det er viktig å få best mogleg tilslag i den nye stortingsmeldinga.
Årsmøtet vil og setja fokus på miljøsituasjonen og utfordringar der. Rådgivar på miljø og klima hjå Fylkesmannen landbruksavdelinga, Anne Grete Rostad vil ta for seg utfordringar landbruket i Rogaland kan få ved innføring av vassdirektivet og nye gjødselforskrifter. Etter alle innleiingane ventar ein gode diskusjonar og meiningsutvekslingar som kan gi nyttige føringar for fylkeslaget sitt arbeid i komande år.
Sidan at Arna Høyland ikkje ønskjer attval som leiar skal årsmøtet og velja ny leiar. Innstilt frå valnemnda er Ole Johan Vierdal frå Vats. Som nestleiar er det innstilt på attval av Arnstein Gilje, Stavanger og Stein Pettersen, Bjerkreim er innstilt til attval som styremedlem for Dalane-regionen. Dersom Ole Johan Vierdal vert vald som leiar er Gette Eidesen, Haugesund innstilt som ny styremedlem for Nord-Rogaland.
