Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Fylkesstyret drøfta samarbeidande prosjekt

Publisert 15.12.2010

Fylkesstyret drøfta på møtet 7. og 8. desember fylkeslaget sine samarbeidande prosjekt med representantane som Møre og Romsdal Bondelag har oppnemnt til desse prosjekta og utvala: Oddvar Tynes om rovdyrarbeidet, Jørgen Holte om Matfestivalen og Småkraftprosjektet, og Arne Magnus Aasen om prosjekt Matmangfold og prosjekt i Allskog om Verdfulle opplevingar.

På styremøtet orienterte Bondelagets representantar i prosjekt og utval (ståande bak) om aktuelle saker: Oddvar Tynes (t.v.), Arne Magnus Aasen og Jørgen Holte. Foran nestleiar Birgit Oline Kjerstad og fylkesleiar Inge Martin Karlsvik (Foto: Arild Erlien)Tidlegare nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Tynes frå Stranda, er Bondelagets representant i rovviltnemnda i fylket og fylkeslagets rovdyrtalsmann. På styremøtet var strategi og forvaltningsplan for rovdyr i Møre og Romsdal sett opp til drøfting. Oddvar Tynes. presenterte fylkeslaget sin strategi over mange år om å ikkje fordele rovdyra over størst muleg område som har vore synspunktet til småbrukarlaget og sau- og geit i fylket og dei andre fylkeslaga i vår rovdyrregion.

Han viste til at ordførarane rundt Trollheimen har engasjert seg sterkt for å få Trollheimen fri for ynglande jerv. Stortingsrepr. Tove-Lise Torve (Ap) og leiar i Rovviltutvalet, Torill Melheim Strand, har uttala at Møre og Romsdal Bondelag er den einaste som heile tida har stått fast på at Trollheimen skulle vere fri for ynglande jerv.   

Matfestivalen

Tidlegare fylkesleiar i Bondelaget, nestleiar i Norges Bondelag og stortingsrepresentant, Jørgen Holte frå Volda,  er styremedlem i Den Norske Matfestivalen i Ålesund.

Både M&R Bondelag og M&R Bygdekvinnelag er aksjonærar i Matfestivalen. Fylkesleiar i M&R Bygdekvinnelag, Solveig Linge Stakkestad, er også med i festivalstyret. Føremålet for festivalen er å fremme produksjon, foredling og omsetting av norsk mat.

Jørgen Holte orienterte om utfordringar og moglegheiter for Matfestivalen, som har vorte eit meir regionalt arrangement for  Ålesund og Sunnmøre dei siste åra. Matfestivalen har behov for landbruksorganisasjonane som alliansepartnar for å få til meir. Utfordringa er korleis eller om Bondelaget skal markere seg meir, med miniseminar, stands, el a. Men tidspunktet i slutten av august er lite eigna til å samle mange medlemer.

Konklusjonen etter drøftinga i styret er at Møre og Romsdal Bondelag kan delta med stand, men like gjerne som samarbeidspartnar på reiselivsarrangement eller miniseminar på mat og politikk. Vidare å knyte saman Bondens Marknad og andre stands. Styret vil drøfte nærare kva næringa og Bondelaget skal profilere på neste festival.

Småkraftprosjektet

Jørgen Holte er også Bondelagets representant i styringsgruppa for prosjektet ”Småskala kraftverk – næringsveg i bygdene på Vestlandet” i regi av Norges Bondelag. Prosjektet femnar om fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Føremålet er m.a. å sikre at ressursane blir utnytta på bonden sin hand og gode avtaler.

- Mange småkraftverk blir følgd av satsing og nye fjøs og påbygg. Småkraftforeininga har trekt seg ut av prosjektet som no er halvvegs. Prosjektet har oppsøkt 500 rettshavarar med oppmoding om å skipe eit fallrettslag anten ein vil nytte han sjølv eller leiger ut for å hindre at ein sel ut verdiar på garden. Siktemålet er å skape næring ut av alle ressursane på garden, sa Jørgen Holte.

BU-midlane kunne vore nytta i samband med konsesjonssaker for å ta førsterisiko dersom det ikkje vart gjeve konsesjon. Holte meiner det er behov for å kjempe for dei politiske rammevilkåra for småkraftverk. Likeså at prosjektet bør halde fram, vere landsfemnande og ta opp vindkraft. Prosjektet arbeider også litt med arealsaker i samband med vindkraft.

Prosjekt Matmangfold

Tidlegare fylkesleiar i Bondelaget, Arne Magnus Aasen frå Tingvoll, er leiar i styringsgruppa for prosjekt Matmangfold. Dette prosjektet er frå 2008 vidareført fram til oktober 2011 av Landbruk Nordvest med Stein Brubæk som prosjektleiar, etter at M&R Bondelag hadde kjørt prosjektet i tre aktive år leia av Solveig Brøste Sletta.

Arne Magnus Aasen orienterte om nettportalen MatNorge for tinging av produkt der seks fylke skal delta. Kjøparar i storhushald kan nytte portalen for kontakt med seljarar. Distribusjon er utfordringa. Spørsmål om kva som skal finansiere tiltaka etter at prosjektperioden er over. Målet no er å sikre dei produsentane som er oppe framfor etablering av nye.

Prosjekt Verdfulle opplevingar

Arne Magnus Aasen orienterte også om prosjekt Verdfulle opplevingar i regi av Allskog, der han er medlem i styringsgruppa. Målet er å utvikle fleire opplevingar og pakketilbod. Han såg det som nyttig og rett at prosjektet nyttar Din Tur som aktør.

 Sittande f.v.: leiar i M&R Bygdekvinnelag, Solveig Linge Stakkestad, vara Arne Rekkedal, styremedlem Hans Frafjord, nestleiar Birgit Oline Kjerstad, fylkesleiar Inge Martin Karlsvik, org.-sjef Gunnar Wentzel, styremedlem Anne Katrine Jensen og førstekonsulent Anne Turid Myrbostad. Bondelagets representantar i prosjekt og utval (ståande bak) som orienterte om aktuelle saker er Oddvar Tynes, Arne Magnus Aasen og Jørgen Holte. (Foto: Arild Erlien)

Av: Arild Erlien

CorePublish publiseringsløsning