Det skriv fylkesleiar Arne Magnus Aasen og organisasjonssjef Gunnar Wentzel i sluttrapporten 2005-2008 for Prosjekt Matmangfold i Møre og Romsdal. Rapporten er utarbeida av prosjektleiar Solveig Brøste Sletta, og lagt fram for fylkesstyret i Bondelaget og for det avsluttande møtet i styringsgruppa for prosjektet, som nyleg vart halde i Ålesund.
Prosjekt Matmangfald blir no etter avtale mellom partane ført vidare av Landbruksrådgiving NordVest, og Bondelaget vil gjerne delta i dette arbeidet vidare. Prosjektleiar Solveig Brøste Sletta held fram i 40 prosent stilling der ut 2008.
Prosjekt Matmangfold i Møre og Romsdal Bondelag vart til etter samråd med Landbruksavdelinga i fylket. Trass i at vi er eit stort matfylke, var det mindre foredling på gardane her enn i nabofylka. Bøndene i vårt fylke lever hovudsakleg av å produsere mat. Dette at bøndene som gruppe har kunnskap om foredling og tradisjonar rundt lokal mat er viktig både fagleg, politisk og kulturelt i tillegg til den store primærproduksjonen i fylket. Bondelaget er svært imponert over pågangsmot og kompetanse hos dei som produserer gardsmat. Vi ser dei har store utfordringar og Bondelaget er oppteken av at dei skal ha gode rammevilkår og at dei lukkast.
- Møre og Romsdal Bondelag meiner vi har nådd viktige mål for prosjektperioden: Auka lokal gardsmatproduksjon og auka fokus. Konkret bistand til produsentar, praktiske kurs og danna nettverk. Det er arbeid med marknadsføring, distribusjon og salskanalar. - Vi ser framleis ei stor utfordring i å få til ein felles framtidsretta organisering for alle dei som driv med gardsmat.
Møre og Romsdal Bondelag vil rette ein stor takk til deltakarane i styringsgruppa og i referansegruppa, og våre samarbeidspartnarar og bidragsytarar i prosjektet i samvirkeorganisasjonane, kommunane og fylket. Vi har vore opptekne av i tillegg til produksjon av gardsmat å få fram dei gode produkta frå vår eigen lokale matvareindustri. Vidare at kommunane aukar fokuset på sin lokale matproduksjon og mulegheitene for brei næringsutvikling basert på dette.
At prosjektet har vore svært vellukka kan vi takke prosjektleiar Solveig Brøste Sletta for. I prosjektperioden frå oktober 2005 og ut august 2008 har ho oppfylt Bondelaget sine ambisjonar. Ho har på ein usedvanleg god måte makta å kombinere konkret bistand til nye og eksisterande produsentar, halde kurs og kontakt med andre organ, presentert lokal mat, vore synleg i media, og halde orden i papira til rett tid. Vi har von om at næringa framleis vil dra nytte av Solveig sin innsats og erfaringar, skriv Arne Magnus Aasen og Gunnar K Wentzel i innleiinga til rapporten.
Klikk her for å lese SLUTTRAPPORT 2005-2008
