Søk

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Småskala kraftverk - næringsveg i bygdene på Vestlandet

Dette prosjektet er i regi av Norges Bondelag og femnar om fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Tidlegare disponent i Sogn og Fjordane Skogeigarlag Terje Engvik (biletet) er tilsett som prosjektleiar for det 3-årige prosjektet. Terje treff du på Bondelagskontoret i Førde. Han har telefon 57 83 70 86 /975 17 111

Hovudmålet i prosjektet er å stimulere til og sikre ei miljøforsvarlig utbygging av mini- mikro- og småkraftverk med vekt på lokalt eigarskap og verdiskaping med basis i garden og bygda sitt ressursgrunnlag

Vegen fram til eit ferdig kraftverk er lang og krev mykje kunnskap på mange fagfelt. Her må ein vurdere nedbørsfelt og fall, fordeling av fallrettar mellom grunneigarar, planlegging av rørgate og kraftverk, konsesjonssøknad, line for levering av kraft, avtalar om sal av kraft, finansiering og drift. God planlegging, rette avtalar og god kommunikasjon mellom sentrale aktørar er viktig for om dette skal bli lønsame utbyggingar for grunneigarane.

 Ynskt resultat av prosjektet

  • Auka medvit rundt verdien av eigne vassressursar og eit godt grunnlag for å ta gode avgjerder
  • Bønder og grunneigarar har framleis råderett over ressursane, eller gode avtaler med kjøparar eller medeigarar
  • Garden og lokalsamfunnet er sikra verdiskapinga frå vassressursane
  • Det er laga gode planar som tek omsyn til både økonomi og miljø
  • Det lokale og regionale kraftnettverket er styrka og er i mindre grad ein flaskehals for etablering av småskala kraftverk.
  • Dialogen og samarbeidet mellom politikarar, grunneigarar/utbyggere og forvaltninga er styrka

Kontaktinformasjon prosjektleiar Ter Engvik:

terje.engvik@bondelaget.no.  57 83 70 86/975 17 111

 

Lenkje: NVE sin Energistatus - her finn du fakta om all energiproduksjon

 

Av: Merete Støfring

CorePublish publiseringsløsning