Meninga med møtet var å gjere kjent og legge til rette for arbeidet med å få hesten inn i næringa. For å få dette til må ein vite kor mange hestar ein har i Norge. Pr i dag er det antatt å være ca 60.000 hester i Norge, eit tal som meinast å være alt for lågt.
Det er mange registre, men ingen som viser eksakt hvor mange hestar det er. Det er ingen regel at importerte hestar skal registrerast i Norge, og det kan stå mange uregistrerte krysninger rundt om i det ganske land, samt at norskfødde føl av utanlandsk rase vert registrert i landet der rasen høyrer heime. Av døde hestar er det stort sett berre slakteria som rapporterer til Norsk Hestesenter.

I møtet vart det diskutert korleis ein kan framskaffe desse tala. Ein tek sikte på eit samråd med Det Norske Travselskap, Rytterforbundet, Norsk Hestesenter og Norges Bondelag, og saman gå ut for å få mest korrekte teljingar av hest i Norge.


