Søk

Verktøylinje

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Bioenergiprosjekt

Bioenergiprosjektet er felles mellom Sogn og Fjordane Bondelag og Sogn og Fjordane Skogeigarlag med stønad frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Fylkesmannen i fylket. Arnt Laukeland (biltetet) er prosjektleiar og kan treffast på telefon 991 63 200. Merete Larsmon er styringsgruppeleiar og prosjektansvarleg i Skogeigarlaget. Elin Haugen representerer Sogn og Fjordane Bondelag i styringsgruppa.

Sogn og Fjordane har ein sterkt veksande biomasse. Det er eit mål å auke verdiskapinga frå skogen i Sogn og Fjordane vesentleg i dei kommande åra. Mykje av dette vil skje i form av kraftig auke i uttaket av tømmer og i form av verdiskaping i vidareforedlinga. Det vil også vere naturleg å sjå seg om etter alternativ bruk, som kan heve verdiskapinga for dei dårlegaste delane av trevirket og det virket som i dag er hogstavfall. Regjeringa signaliserer ei sterkare satsing på fornybare energikjelder der bioenergi er ei av desse. Det er eit mål for Regjeringa at Noreg skal vere ein miljøvenleg energinasjon. Sogn og Fjordane er eitt av fylka som er kome svært kort når det gjeld å utvikle bioenergi som grunnlag for næringsverksemd.

Hovudmålet for prosjektet er å leggje til rette for og vere pådrivar for utvikling av bioenergi som næring i fylket.  Dette i form av etablering av nye arbeidsplassar og auka verdiskaping basert på landbruket sine ressursar, og med landbruket sine aktørar som sentrale og aktive deltakarar i verdiskapinga.  Nettverksbygging, kompetanseaukande innsats og etablering av bondevarmeanlegg vil stå sentralt i arbeidet. 

Prosjktleiar Arnt Laukeland treff du på følgjande telefonnummer: 991 63 200.



 

CorePublish publiseringsløsning