Søk

Du er her:

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

Beiteprosjektet snart vel i hamn

Publisert 26.01.2010

Bondelaga og Bonde- og småbrukarlaga i Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder har gjennom to år gjennomført prosjektet "Beite som ressurs for landbruket og bygda". Prosjektet nærmar seg nå si avslutning og styringsgruppa hadde møte torsdag der ein oppsummerte arbeidet og planla vidare formidling av, og informasjon om, dei resultata som er oppnådde.

 

Styringsgruppe og prosjektleiing for beiteprosjektet: Frå v.: Thor Jørgen Tjørhom, ordførar i Sirdal, Svein Haughom, Vest-Agder Sau og geit - representant for pilotprosjekta, Ole Steffen Gusdal, Fylkesmannen i Vest-Agder, Ingvar Sundvor, Telemark Bonde- og småbrukarlag, Åse Ingebjørg Homme, Aust-Agder Bondelag - leiar av styringsgruppa, Tone Edland, prosjektmedarbeidar og Hans Jørgen Aase, prosjektleiar

 Da prosjektet starta opp ved årsskiftet 2007/2008 var målet for arbeidet definert som: Å sikre og auke beitebruken for å ta vare på kulturlandskapet i fylka Telemark, Vest- og Aust–Agder, samt identifisere tiltak og ordningar som kan styrkje driftsøkonomien i husdyrproduksjonar gjennom aktiv beitebruk.

Det konkrete arbeidet med å gjennomføre tiltak har skjedd i ti utvalde prosjektområde i ulike kommunar i dei tre fylka. Nå ved avslutninga av prosjektet, ser styringsgruppa som det viktigste prosjektresultatet at ein i dei fleste pilotane har lykkast med å prioritere, organisere og planleggje beitebruk over større samanhengende areal, på tvers av eigendomsgrenser.

Metoden som er brukt  i prosjektet  for å organisere og få opp beitebruken, verkar til å vere eit godt verktøy for å redusere gjengroing og kunne utnytte alt jordbruksareal i prioriterte område. Den same metoden har truleg stor overføringsverdi til andre område,òg.

Styringsgruppa legg opp til å presentere dei konkrete resultata på ein konferanse først i april, mynta på bønder, rådgivingstenesta i landbruket, landbruksforvaltninga i kommunane og andre interesserte.

Meir informasjon om prosjektarbeidet finn du på nettsida www.beitedyr.no

Av: Amund Johnsrud

CorePublish publiseringsløsning