Søk

Du er her:

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

Beiteprosjektet i Agder og Telemark 2008/09: "Beite som ressurs for landbruket og bygda"

Bondelaga, og Bonde- og småbrukarlaga i Telemark og Agder gjennomfører i 2008/09 eit toårig samarbeidsprosjekt med fokus på husdyrhald, beite og kulturlandskapskjøtsel. Prosjektet er eigd av faglaga, med økonomisk og fagleg støtte frå Fylkesmannen og LMD.

Hovudmålet med prosjektet er å: sikre og auke beitebruken for å ta vare på kulturlandskapet i fylka Telemark, Vest- og Aust–Agder, samt identifisere tiltak og ordningar som kan styrkje driftsøkonomien i husdyrproduksjonar gjennom aktivt beitebruk.

Prosjektet er organisera med eit hovudprosjekt, og 10 delprosjekt i utvalde pilotkommunar. Hovudprosjektet er organisera med styringsgruppe, prosjektleiing i full stilling og referansegruppe. Kommunane Vinje, Tokke, Nissedal, Hjartdal, Tinn, Valle, Gjerstad/Risør, Lyngdal, Sirdal og Lindesnes/Mandal er  pilotkommunar. I desse kommunane er de no laga prosjektplanar, der ein gjennom grunneigarsamarbeid og andre praktiske tiltak skal få til eit løft for husdyrnæringa.  Beitedyra må i større grad brukast der dei gjer nytte som kulturlandskapspleierar, og det må være økonomi for dyreeigar å nytte dei på denne måten. Prosjektet vil derfor også sjå på, og prøve å forbetre ordningar og rammevilkåra for beitande husdyr, og legge til rette for driftsformer som støttar opp om dette.

Pilotane har ei eiga styringsgruppe – ofta samansett med representantar frå landbrukskontor, bønder/ grunneiarar, faglag, lokalpolitikk og i ein del tilfelle frå reiselivsnæringa. Kommunane har inngått ei avtale med hovudprosjektet der dei forpliktar seg til å delta i prosjektarbeidet gjennom økonomisk støtte eller eigeninnsats frå landbrukskontora, verdsett til kr 150 000,- kr i året i to år, samstundes som LMD (Landbruks- og matdepartementet) støttar kvart delprosjekt med 50 000,- kr årleg. 

I prosjektplanane hadde ein håp om å få til praktiske tiltak i sommarsesongen 2008. Av dei ti pilotane er det i store trekk berre Vinje som har fått til dette i noko omfang. I Vågslid i Vinje er ca 200 daa dyrka mark og gamal kulturmark på ny teke i bruk med beitedyr, med god omtale i fylkesavisene.  I dei andre kommunane har tida så langt gått til  å tilsette lokal prosjektleiing, utarbeiding av prosjektplanar, organisering av styringsgrupper og grunneigarar, avtaler m.m, slik at ein er klar for å få til praktiske og synlege resultat i 2009.

Meir informasjon finn de på prosjektets eigen heimeside www.beitedyr.no Det er også laga ein enkel informasjonsfilm om beitedyr og beiteprosjektet som alle interesserte kan få og bruke fritt.

I prosjektet er det planar om å arrangere  faglege samlingar, med tema som kulturlandskapspleie, gjerdehald, husdyrøkonomi m.m. Lokallag og medlemmar kan gjerne ta kontakt dersom det er synspunkt, forslag eller anna til prosjektarbeidet. Kanskje temaet beitedyr og kulturlandskap kan være tema på eit medlemsmøte i det lokale bondelaget?

Av: Hans Jorgen Aase

CorePublish publiseringsløsning