Med det triårige prosjektet «Sauekjøtt, ja det er gøtt» ynskjer Telemark sau og geit, Bondelaget, Bonde og småbrukarlaget og Fylkesmannen i Telemark å styrke sauenæringa i Telemark. – Prosjektet kan vere med og stimulere til eit sterkare og meir aktivt sauehald, håpar sauebonde Erik Hesby Håtveit frå Morgedal.