Det var godt
oppmøte på det
nyoppstarta
rekrutterings prosjektet
som ønskjer fleire unge
til å satsa på frukt og
bær.
Lustringen Ole Inge Skagen
var ein av deltakarane på
kurset ‹‹Grip sjansen - sats på
frukt og bær››. Han skal overta
drifta på familiegarden på
Ornes, og tykkjer dette var eit
flott initiativ.
Lærerikt
– For å vera heilt ærleg så har
dette vore overraskande
lærerikt. Det er alltid greitt
med nye innspel og få konkret
informasjon innanfor
fruktdyrking, seier Skagen som
sjølv i all hovudsak vil stå for
dyrking av eple og plommer og
meiner frukt og bær er i ei
positiv utvikling.
– Etter det siste året er det
ein gryande optimisme. Det er
bra marknad for å levera frukt
og interessa er stor. Eg er
optimist, seier 29-åringen som
ser på det å bli bonde på heiltid
som ein skrekkblanda fryd.
– Difor er det godt å ha pappa
som mentoren min gåande på
garden, det trur eg er heilt
naudsynt, seier den ferske
bonden.