Vil ha rovviltforvaltninga til Landbruksdepartementet
Publisert 31.01.2012
Avtroppande rovviltnemndleiar Lars Bjaadal meiner Landbruksdepartementet må overta rovviltforvaltinga frå Miljøverndepartementet. Fleire avgjerder må skje i rovviltnemnda. I dag avsluttar Lars Bjaadal (Sp) i Seljord den sju år lange oppgåva som leiar i den politiske rovviltnemnda for region 2; Telemark, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder. Bjaadal sa nei til å stå på lista til sist fylkestingval.
Utan politikarrolle er det ikkje lenger høve
for han å vere med i rovviltnemnda.
– Skulle det vere noko eg kunne tenkt
meg å fortsette med, var det rovviltnemnda.
Eg har hatt eit godt og tillitsfullt samarbeid
med næringsorganisasjonane, og
det har eg sett stor pris på, seier Bjaadal.
Noko av det siste nemnda vedtok var
vinterens fellingskvote på gaupe. Med tri
mot to røyster sa det politiske utvalet ja til
ein kvote på totalt 32 gauper. Maksimalt ti
av desse kan vere hodyr eldre enn eitt år.
Ved jaktstart blir det tildelt 28 fellingsløyve,
medan resten er reservekvote.
Trugsmål.
– Gaupa er ikkje ein truga art. Mengda av
gauper er eit alvorleg hinder mellom anna
for auke i sauehaldet, og er eit trugsmål
mot heile næringa. Mange bønder sluttar
på grunn av rovdyr og sauetalet går nedover,
seier Bjaadal om grunnlaget for ein så
stor fellingskvote som i år.
Han håper ein no kan kome ned på
bestandsmålet for regionen; 12 ynglande
gauper årleg. Dei tri siste åra har snittet
vore nærmare 17.
– Me har ikkje klart å redusere skadane
nok. Det har vore for stor gaupebestand.
Dei siste fem åra har nemnda auka med 25
fellingsløyve i forhold til innstillinga frå
Fylkesmannen, seier Bjaadal.
– Du visste gaupestamma var for stor.
Kvifor auka nemnda ikkje fellingskvoten
endå meir?
– Dei fleste av dei 25 fellingsløyva me ville
ha utover forslaget til Fylkesmannen kom
med tri-to fleirtal, svarar han om kampen i
nemnda der eit mindretal vil ha lågare kvote.
– Gaupa daudar ikkje av ein fellingskvote,
men ho må jaktast på. Eg håper at når mars
er ute, er det skote ti kjetter og 22 andre gauper.
Jakta må rette seg slik at ein får tatt ut
makskvoten, og ta ut mest mogleg gauper i
Midtre og Øvre Telemark, held han fram.