Søk

Du er her:

Vestlandsbønder krev eigen tiltakspakke

Publisert 12.03.2010

Bøndene på Vestlandet vil ha ein eigen tiltakspakke for vestlandsjordbruket. Dei meiner dei tener mindre enn andre bønder i Noreg. – Stadig fleire legg ned jordbruka sine på vestlandet. Det er heilt naudsynt at vestlandsbøndene vert tilgodesette no, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren. Sterkare saman Over 10 000 bønder i Sogn og Fjordane, Hordaland og i Møre og Romsdal har gått saman om eit felles krav før årets jordbruksavtale. Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag seier dei har slått seg saman for å ha større påverknad på utfallet av jordbruksavtala.

NRK Sogn og Fjordane

CorePublish publiseringsløsning