Sosial dumping. Når overgangsordningane nå har gått ut, kan timelønningar ned mot femtilappen bli ein realitet for mange arbeidsinnvandrarar som arbeider i det norske landbruket. Slik sosial dumping vil være dårlig reklame for ei næring som treng støtte i opinionen, men ikkje minst for den raudgrøne regjeringa, som har lova tiltak mot utnytting av utanlandske arbeidskraft. Fire forhold gjer at vi alt no kan varsle auka sosial dumping i landbruket i 2009:
1. For det første har finanskrisa slått sterkare ut i aust enn i vest, noe som fører til at fleire søkjer seg hit til landet etter arbeid og inntekt. Etter 1. mai treng dei ikkje lenger arbeids- og opphaldsløyve, men kan ta seg arbeid på dagen, og kan dessutan tilby arbeidskrafta si til lågare pris enn før.
2. For det andre har oppbremsinga i anleggssektoren her i landet ført til at fleire frå dei nye medlemslanda som har vore her i landet på anna arbeid, søkjer seg over i nye sektorar, som landbruket.
3. For det tredje veit vi frå eiga forsking at sjølv om andelen bønder som aksepterer forskjellsbehandling mellom norsk og utanlandsk arbeidskraft er lite, så finst det ei gruppe «cowboyar» der ute i norsk landbruk. Arbeidstilsynet har til dømes hevda at den reelle timelønna har vore på 45 kroner innan delar av jordbærproduksjonen. Når sjansen byr seg, vil somme dumpe lønningane til innleidd sesongarbeidskraft, særleg viss det blir lovleg.
4. Endeleg ventar vi ein auke i verksemda til bemanningsselskapa, som på lovleg vis leiger ut arbeidskraft. Desse selskapa er ofte registrerte i dei nye medlemslanda, og står berre til rettes for heimlanda sine krav til løns- og arbeidsvilkår.