Eg jobbar dobbelt så mykje som då eg var 34, for samme lønna. Så no satsar eg på Nordsjøen i staden for jorda. Voksa. Øystein Baade (56) er nest største mjølkeprodusenten på ytre søre Sunnmøre ei stund til. Før vi skriv februar, er dei siste av dei 120 dyra i fjøset sende, enten til slaktaren eller bønder som framleis ser seg syn med å halde fram. Då eg tok over garden i 1989 hadde eg berre halvparten så mange dyr som no, men om lag same fortenesten, seier Baade, som har selt 165 tonn mjølkekvote noko som tilsvarer produksjonen til 22 mjølkekyr.
Bondefri øy
. Allereie som gutunge byrja han å arbeide på garden, og etter nokre år som avløysar i Sande kommune, tok han over garden då han var i 30-årsalderen. Utviklinga eller det Baade meiner er tilbakegangen for landbruket har vore påfallande sidan den gongen.
Går vi tilbake til midten på 1980-talet, var her tretti bønder på Sandsøya og Voksa. No er det fem att. Om ti år truleg ingen.
Kvifor trur du det?
Skulle eg halde fram, ville eg måtte investere for over ein million no ganske raskt. Dei andre er i same situasjon, ingen har nye anlegg. Og slik landbrukspolitikken er no, vil det ikkje lønne seg. Du klarer ikkje å betale ned investeringa før du må i gang med ny runde, seier Baade.