Søk

Du er her:

Ser stort på småkraft

Publisert 28.11.2011

Henrik Glette i Småkraftforeninga oppdaterte nyleg både suldøler og andre interesserte på temaet småkraftverk. Glette meiner Suldal, som alt er den femte største kraftprodusenten i landet, har eit uforløyst potensiale som småkraftverka kan og bør innfri. Det var ikkje mange ledige stolar då Småkraftforeninga arrangerte møte med tema småkraftverk. Ein engasjert Henrik Glette frå Småkraftforeninga hadde ein bodskap til dei frammøtte: Bygg småkraftverk! Om lag 30 personar hadde møtt fram til samlinga på Ryfylke Fjordhotel då Noregs Bondelag, Småkraftforeninga, Småkraftkonsult og kraftformidlingsselskapet NEAS var innom Sand på vestlandsturneen sin. I salen sat det både kraftverkseigarar og personar nyfikne på korleis dei kan koma i gang med kraftproduksjon.

Suldalsposten

CorePublish publiseringsløsning