Høgare driftstilskot til mjølkeproduksjonen på Vestlandet, auka driftstilskot til mjølk og meir investeringsmidlar. Det var det klar signalet 2. nestleiar i Norges Bondelag, Brita Skallerud fekk med til jordbruksforhandlingane frå eit fylkesårsmøte med undertone av bondeopprør.
... Samrøre mellom bondelaget og Senterpartiet siste fem åra, der alt skal vere som det har vore, har sett nesten heile mjølkeproduksjonen i avviklingsmodus. Vi lever farleg om vi ikkje får utvikle oss harmonisk og i takt med tida. Eg har ei kjensle av at utviklingsbonden har lågare prioritet enn avviklingsbonden, sa leiaren i Vikane Bondelag, Lidvin Olav Hage. Han var innleiar om på årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag, og emnet var korleis mjølk og kjøt kan overleve som næringsveg på Vestlandet med mange bønder i avviklingsmodus.