Søk

Du er her:

Motorsagmassakre på dokumentert vis

Publisert 07.02.2012

Motorsaga brumma lett då tunge grantre dundra i bakken ved Fjell gard. FJELL: Dei låg på rekke og rad, grantrea, etter at motorsaga hadde sagt sitt. Attende sto sju høgreiste kursdeltakarar, snart med godkjent motorsag-kurs i lomma. Første gong på Sotra. Det er Sotra og Øygarden bondelag som i helga arrangerte mortorsagkurs på Sotra. Det er første gongen ein har arrangert slikt, i alle fall på svært mange år. - Sju kursdeltakarar byrja på fredag med vedlikehald og opplæring for bruk av motorsag, fortel nyslått leiar av bondelaget, Hans Arne Breivik frå Øygarden. For å kunne handtera ei motorsag på lovleg vis, må ein ha dokumentasjon på at ein har vore gjennom eit slikt kurs. - Dei har gått gjennom motorsaga, med oppbygning, stell og vedlikehald. I dag skal dei læra seg hogst-teknikkar, fortel Breivik medan motorsaga går «bananas» lenger inne i skogen. Alle deltakarane er frå Øygarden og Sotra.

Vest Nytt, 7. februar 2012

CorePublish publiseringsløsning