Regnet trillar lett på taket, og Karoline Skarprud (21) har tid til ei pause for å fortelje om oppvekst på gard, store avgjerder, lange arbeidsdagar og framtidsvisjonar som bonde.
Karoline flytta saman med foreldra til Moen gard, eller prestegarden som den er betre kjent som på folkemunne, som eittåring på starten av 90-talet.
– Mamma og pappa forpakta garden nokre år, før dei kjøpte han i 2003. Etter den tid har me bygd ut, og alle har vore med.
Karoline er eldstejenta, ho har to yngre systrer og ein bror. Alle har vore flinke til å hjelpe til heime når det trengs.
– Me har bestandig fått lov til å vere med i fjoset. Me har videosnuttar av oss som småtrøll, me er så små at me knapt klarer å halde tåteflaska for kalven, ler Karoline.