To år på rad er fjordane på Vestlandet kåra til verdas mest attraktive reisemål.
Verdsarvstatusen gir både regionen og Norge eit unikt grunnlag for å utvikle reiselivsnæringa vidare. Utfordringa er å forvalte denne arven på beste måte.
Vi støttar difor tanken om ein reiselivsminister på heiltid, som har utvikling av denne næringa som si hovudoppgåve.
I går var det fem år sidan år sidan Geirangerfjorden og Nærøyfjorden kom med på UNESCO si verdsarvliste. Kva effekt verdsarvstatusen har hatt å seie for tilstrøyminga av turistar, er det førebels vanskeleg å seie noko om. Men plasseringa på verdsarvlista har utan tvil ført til auka merksemd om dei verdiane som ligg i området. Då meir enn 400 ekspertar på reiseliv plasserte Fjord-Norge på topp mellom 133 av verdas fremste reisemål, vart det lagt stort vekt på at desse fjordområda framstår på ein autentisk måte. Det er kombinasjonen av vill og mektig natur, og spor av menneska som har livberga seg i desse landskapa, som gjer opplevinga så sterk. Desse kvalitetane må ein ta vare på og utvikle vidare.