Regjeringa seier dei i framtida vil overføre meir midler frå nasjonale til regionale program på landbruks- og matområdet. Kjell A.
Sølverød, leiar i Telemark Bondelag, er glad for tiltaket, men han tviler på om dette er nok til å bremse utviklinga i Telemark og andre utsette område.
- Det er bra med meir handlingsrom regionalt. Denne biten blir jo rekna som byråkratisk og tung, og ei omdisponering kan gje meir rasjonelle løysingar for bruk av desse midla, seier Sølverød.
Han finn mykje bra i meldinga, men meiner ho er for lite konkret med gode tiltak for å auke matproduksjonen.
Kampen om dei unge
- Korleis skal ein få fleire unge til å satsa på landbruk i Telemark og andre stader?
- Betre økonomi er sentralt, bonden må tene pengar for å auke statusen og motivere fleire unge til å satse. I tillegg kan eit eige fagbrev auke statusen til yrket. Derfor er det viktig å få til ei utdanning innafor naturbruk som også gjev fagbrev, seier han.