Ein skuledag på hesteryggen kan gje mykje læring.
-Det er fantastisk korleis hestar motiverer og byggjer sjølvkjensla til dei som kjem her, seier Anne Grethe Leirdal. Ho og Reidun Elle gjekk for to år sidan i gang med prosjektet Inn på tunet på Lingjerdegarden på Nes.
I vel halvanna år har dei hatt full drift på tilbodet, har gode røynsler, men dei to legg ikkje skjul på at det er krevjande dagar.
Bruker garden
Reidun og Anne Grethe er lærarar, har ei felles interesse for hestar og å vera ute. Slik kom dei to i gang med tilbodet. Eit vel 100 år gamalt bustadhus vert brukt som Inn på tunet-hus når dei opnar garden ein heil dag og ein ettermiddag i veka.