Søk

Du er her:

Har drag på jentene

Publisert 28.11.2011

Den tradisjonelle bonden er på vikande front. Den nye bonden er natur-brukar, helst jente med dyreekspertise. Kalvane dansar ivrig på gamle Stend jordbruksskule, og elevane heng på. Dyra og skulen har framleis draget på dei unge, særleg jentene. - Fjordingen er utryddingstruga, eg har lyst til å starta med hesteavl, seier Madeleine Berge Midtseter (16), første års naturbrukselev og vant til gardsdrift frå nabolaget heime på Os. Ho og medelevane Hege Trovåg (16) frå Solund og Christoffer Kviteberg (18) frå Bergen tek ein sosialiseringsrunde med kalvane ute på tunet på Stend. - Kanskje noko med smådyr, kanskje eggproduksjon eller sau, funderer Hege om framtida. Christoffer er også usikker. Ingen agronomelevar. Svært få unge i dag startar vidaregåande utdanning med eit bevisst mål om å bli bonde. Den snart 150 år gamle jordbruksskulen på Stend har ikkje lenger elevar på agronomlina, berre eit nettbasert vaksenkurs i faget. For fem år sidan endra skulen namn til Stend vidaregåande.

Bergens Tidende 26. nov, s 10

CorePublish publiseringsløsning