Gloppen: Det endelause regnet i sommar og haust har skapt store problem for bøndene. I Gjengedal i Hyen står mykje av andreslåtten att ute. – Vi har gjeve opp å få hoa i hus, det går berre ikkje. Sauene får ta seg av andreslåtten i år, seier bonde Nils Magne Gjengedal.