Det er vår og travle tider på Øvstedal, der rundt 150 lam blir fødd i desse dagar. Henrik Valen (15) tar sin tørn i fjøsen, der det går i eitt med fødslar, stell og fôring.
Henrik er elev ved Tomrefjord skule. To dagar i veka er han utplassert hos Bjarne Øvstedal (46) i Tresfjord, som har bygd opp eit flott tilbod til ungdom med behov for eit alternativ til vanleg undervisning. Gjennom Stall Øvstedal har Bjarne og kona Tina Marie Lenning satsa friskt på tilbod til ungdom gjennom prosjektet «Inn på tunet».