Olav Urbø (Sp) er lei av å vente på at regjeringa skal konkludere i snøskutersaka. – Prinsippet om likebehandling har fått ein alvorleg knekk, seier Urbø. – No ser me at fleire av kommunane i Vest-Telemark lagar motorferdselsplanar som omfattar skutertrasear. Det har eg stor forståing for, ettersom det som i utgangspunktet skulle vere eit femårig prøveprosjekt med skutertrasear, framleis ikkje har fått nokon konklusjon. Ut frå eit forvaltingssynspunkt er ikkje dette godt nok, meiner Tokkepolitikar Urbø.
Han meiner ei forsøksordning skal innehalde eit forsøk, ei evaluering og så ein konklusjon. At ordninga blir forlenga år for år, har han ikkje sansen for.