Søk

Du er her:

- Dette er å harselere med norsk landbruk

Publisert 18.01.2012

I Klepp kommune i Rogaland har 17 bønder fått føle ei ny forskrift på kroppen. 20 mai 2011 vedtok Regjeringa at svarthalespoven skal vere ein prioritert art. Det skal ikkje vere lov å forstyrre svarthalespovar, eller skade egga eller reira deira. Det betyr mellom anna at det ikkje er lov å slå graset før 15. juli i det økologiske funksjonsområdet for svarthalespovar. Hos Trond Kristian Refve var det rundt fire par av fuglen i snipefamilien i sommar. - Graset blir søppel - Eg tek vanlegvis førsteslåtten i slutten av mai. Når eg ikkje får lov til å ta førsteslåtten før 15. juli, blir første- og andre-slåtten til éin. Det graset kan berre deponerast. Det er søp-pel. Og graset rotnar på rot, så i verste fall får vi ikkje ta tredjeslåtten, heller. Desse fuglane legg ned noko av den beste landbruksjorda i Noregs land, seier Refve frustrert.

Bondebladet

CorePublish publiseringsløsning