- Dagens røyndom er at landbruksutdanninga er ein del av den vidaregåande skulen, og skulane treng elevar for å overleva.
Men eg synest dei er for lite flinke til å fortelja at landbruksskulane først og fremst er for bønder, seier Solveig Skogs i Norges Bondelag.
- I iveren etter å marknadsføra nye liner har ein lett for å missa hovudmålet av syne. Dei må tora å seia at dei vil utdanna bønder for framtida, poengterer Skogs.
Ho vil at skulane skal rekla-mera minst like mykje for agronomkursa som alt det andre.
- Dei kan ikkje rekna med at bøndene kjem av seg sjølv. At førre generasjon meiner det er ei god utdanning, tel ikkje for dagens femtenåringar som skal velja retning i den vidaregåande skulen, seier Skogs.
Eit stadig meir spesialisert landbruk treng yrkesutøvarar med solid utdanning i botn, meiner ho. Om lag 1000 norske gardsbruk over 100 mål har generasjonsskifte årleg. Etter Skogs si vurdering har 300-500 av dei nye bøndene utdanning på agronomnivå, medrekna vaksenopplæringskurs.