Søk

Du er her:

Bønder til kamp

Publisert 27.01.2012

Det vart eit hissig møte i Klepp om vern av svarthalespove torsdag. Fylkesmannen inviterte til møte med bøndene i Klepp kommune som kjem inn under den nye forskrifta om vern av fugelen svarthalespove. 35 menneske var samla i bystyresalen i rådhuset. «Utgangspunktet for dagens agenda er at forskrifta gjelder.» Stod det øvst på arket møtedeltakarane fekk i handa på veg inn. – Dette er eit vanskeleg tema og eit internasjonalt tema. Det kan vere vanskeleg å gjere alle fornøgd, sa Per Kristian Austbø, seksjonssjef ved miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland. Han var ordstyrar under møtet. I salen var det ikkje eit einaste smil å spore. Den litle fuglen er ingen spøk for Klepp-bøndene. – Dette er byrjinga på slutten dersom forskrifta skal praktiserast slik de vil ha det, sa bonde Trond Kristian Refve til Fylkesmannens menn.

Jærbladet

CorePublish publiseringsløsning