Bønder investerar for over 100 millionar kroner i nye kyllinghus
Publisert 10.01.2012
Prognosar viser salsvekst på nær 2500 tonn kyllingkjøtt i år, noko som gjer kyllingproduksjonen til eit av dei største vekstfelta i landbruket.
Ved nyttårsskifte var marknaden igjen i balanse, og Nortura reknar med at kyllingproduksjonen må vekse med 4 prosent i år for å dekkje etterspørselen. I 2011 var det første gongen at det blei produsert meir kvitt enn raudt kjøt i Noreg.
—For å dekkje den venta salsveksten må kyllingproduksjonen auke med 4 prosent i år. Det er på fjørfe det er størst vekst, også målt i volum, og produksjonsvolumet totalt for fjørfekjøtt passerer i desse dagar storfekjøtt, seier direktør Hans Thorn Wittussen i Nortura totalmarked, som er marknadsregulator for dei fleste kjøttslaga utanom kylling.