Søk

Du er her:

Biodiesel kan gjere dyrefeitt ettertrakta

Publisert 07.09.2010

ergiutnyttinga er derimot best med dagens bruk til dyrefôr, viser rapport. Planane om å byggje Uniol i Fredrikstad om til Europas største dieselfabrikk basert på råvarer frå slakteri, som Nationen skreiv om i går, får god mottaking i både landbruks- og miljøkrinsar. Ved å kunne ta i bruk animalske råvarer vil Uniol redusere produksjonskostnadene. Målet er lønsam drift trass i fjorårets innføring av autodieselavgift (vegavgift) på biodiesel, noko som fekk stor medieomtale i fjor. Organisasjonen Zero, som arbeider for kutt i utsleppa av klimagassar, applauderer prosjektet. - Viss dei klarer å realisere planane, er dette svært godt nytt. Biodiesel høyrer framtida til, og det er veldig bra om slakteriavfall kan nyttast på denne måten, seier leiar Einar Håndlykken i Zero.

Nationen

CorePublish publiseringsløsning