Småkraftpioner Rune Nydal meiner grunneigarane sjølve bør gå saman om å byggje ut. Foto: Erlend Blaalid Oldeide/NRK Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har størst potensial for småkraftutbygging.
Småkraftpioner Rune Nydal åtvarar sterkt mot å selje fallrettane. Mange fryktar at det same skal skje med småkraft som då fossespekulantane kjøpte opp fallrettane til dei største vassdraga i fylket.
Rune Nydal meiner grunneigarar ikkje må la seg sjarmere av selskapa som kjøper opp fallrettar og byggjer ut småkraftressursane.
Dersom ein gjer som enkelte kommunar, at ein sel det ein eig, vil pengane komme ein gong og ikkje meir.