130 bønder frå heile Haugalandet var møtt fram til eit møte om HMS i Vindafjordhallen. Bondelaget har tatt initiativet til møtet.
Me bønder må te oss slik at me får bli pensjonistar, sa den nye leiaren i Norges Bondelag, Pål Haugstad på sitt første besøk på Haugalandet.
Han fortalde at bondelaget har ein visjon om null dødsulukker i landbruket frå 2012.
Diverre er landbruket langt frå visjonen: I 2006 omkom fire, i 2007 døydde fire, og hittil i år er talet komme opp i tolv omkomne.