• Tips en venn om denne siden

Foto Jostein Skare Thygesen. Sau på utmarksbeite

Hordaland Bondelag er ein fag- og næringspolitisk organisasjon som samlar bønder og andre som kjenner seg knytt til landbruket.

Hordaland Bondelag har 3800 medlemer i 39 lokallag. Lokallaga og fylkeslaget arbeider fagleg og politisk for å skape livskraftige lokalsamfunn med gode rammevilkår for vestlandslandbruket.

Viktige innsatsområde er politisk arbeid, grunneigarrettar, tradisjonelt landbruk, nye næringar, HMS, rekruttering, kurs og opplæring.

Kvart år arrangerar Bondelaget Open Gard over heile landet. Lokallaga er også med på ulike landbruksdagar og utstillingar, eller organiserer gardsbesøk for skular og barnehager.

Foto av sau på utmarksbeite: Jostein Skare Thygesen

Kalvemønstring på Voss. Foto Svein Ulvund

Hordaland Bondelag arbeider for å skape gode arbeids- og lønsvilkår for den einskilde utøvar og ei samla næring. Vi vil vere eit klart og tydeleg talerøyr i landbrukssaker og tek ei aktiv rolle som pådrivar ovanfor offentleg forvaltning og styresmakter. Vi er høyringsinnstans i mange saker som dreier seg om landbruk, også innan natur- og arealforvaltning.

Knut B. Hauso og Frøydis Haugen

Landbruket i Hordaland er prega av små og mellomstore bruk, der topografi og arrondering gjer det vanskeleg å få store rasjonelle einingar. Dette gjev ekstra utfordring for landbruksdrifta.

Mange vestlandsbruk er spesielt sårbare, og vi slit med å oppretthalde både produksjon og areal i drift. Dette er urovekkande, også fordi vi veit at landbruket er med og opprettheld arbeidsplassar innanfor mange ulike yrkesgrupper, god infrastruktur og eit breitt servicetilbod i heile regionen.

Furnes Gard i Vaksdal

Landbruket er grunnlaget for mange lokalsamfunn på Vestlandet bøndene driv variert og mangfaldig. Medlemene våre har alt frå tradisjonelt husdyrhald og grøntproduksjon til ulike service-, teneste- og foredlingstilbod.

Gjennom medlemene og organisasjonsarbeidet medverkar bondelaget til:

  • Mangfaldige matopplevingar.
  • Grobotn for levedyktige lokalsamfunn.
  • Fornya verdiskaping på garden.
  • Landskapspleieog flott kulturlandskap.
  • Kulturelt mangfald gjennom matkultur, byggeskikk og andre tradisjonar.
  • Grunnlag for reiseliv.

Foto Torunn Eikeland

Medlemsdemokrati
Hordaland Bondelag har eit fylkesstyre og 39 lokallag. Med unntak av Fedje, er det minst eit lokallag i kvar kommune. Alle lokallag har eigne styre og årsmøte. Lokallaga vel utsendingar til årsmøtet i Hordland Bondelag, som igjen vel utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag.

Viktige saker vert sendt på høyring til lokallaga og/eller til fylkeslaget og lagt fram for styret i Norges Bondelag.

Foto Foto Hilde Lussand Selheim

 

 

Dette skjer i Hordaland Bondelag

Tirsdag
24
Januar

Ope møte om den nye jordbruksmeldinga

Thon Hotel Jølster
Tirsdag
24
Januar

Praktisk HMS-kurs i Hatlestrand

Hatlestrand skule
Onsdag
25
Januar

Tryggere sammen, Hålandsdalen

Hålandsdalen Montesorriskule

Våre samarbeidspartnere