Frå opninga av ministermøtet i WTO på Bali tirsdag morgon (norsk tid), foto: Hildegunn Gjengedal.I dag opnar WTOs ministermøte på Bali. I førre veke annonserte generaldirektør Azevedo at ein ikkje klarte å nå målsetjinga om å forhandle ferdig ein pakke i Geneve før ministermøtet. Likevel har ein enno eit håp å kome fram til semje i løpet av møtet på Bali.

Kva vil India

Det er knytt særleg spenning til kva India bestemmer seg for når det gjeld forslaget som ligg på bordet om matvaresikkerheit. Diskusjonen dreier seg om kva verkemiddel u-landa skal få ta i bruk for å bygge opp matvarelager. USA er skeptisk til at u-landa skal få for stor fleksibilitet. Forslaget som ligg på bordet inneber ein fredsklausul på fire år. Det vil seie at medlemslanda pliktar seg i fire år til ikkje å gå til sak mot u-land som brukar meir enn tillate støttenivå for å bygge opp matvarelager. India gjekk opprinneleg med på forslaget, men har no signalisert at dei kanskje ikkje støttar forslaget likevel. Det er difor knytt store spenningar til kva India vil lande på i denne saka. Blir det semje om matsikkerheit, kan også dei andre delene av pakken falle på plass.

Eksportstøtte og tollkvoteadministrasjon

På landbruksområdet ligg det også forslag i pakken om eksportstøtte og tollkvoteadministrasjon. På eksportstøtte går forslaget ut på at ein på sikt skal fase ut eksportstøtta, og at medlemslanda ikkje skal nytte fullt ut tillate nivå på eksportstøtte. Forslaget på tollkvoteadministrasjon dreier seg om å legge betre til rette for at dagens tollkvotar blir utnytta. Det er ikkje venta at dei foreslåtte forslaga vil få store konsekvensar for norsk landbruk på kort sikt. På generelt plan blir det forhandla om reglar for handelsfasilitering. Dette dreier seg om å legge betre til rette for tollpassering etc innanfor dagens tollregime.

Regjeringa vil ha ei pakkeløysing

Regjeringa har uttrykt stor vilje til å få til ei pakkeløysing på Bali Den norske delegasjonen på Bali er leia av statssekretær Morten Høglund (FrP). I delegasjonen elles sit representantar frå ulike departement (m.a. UD og LMD), stortingsrepresentantar og representantar frå det sivile samfunnet (NHO, LO, Forum for utvikling og miljø, havbruksnæringa og Norges Bondelag). Nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen sit også i delegasjonen.

Møtet på Bali varer fram til fredag.