- Småkraftdagane er i år utvida til å omfatte vindkraftproduksjon i tillegg til vasskrafta, seier prosjektleiar Terje Engvik (bildet) i Norges
Bondelag som er ein av innleiarane i Ålesund. - Hovudfokuset vil vere på mulegheitene for småskala, landbrukstilknytt vindproduksjon. Men grunneigarinteresser i samband med større vindparkar er også eit viktig tema i Bondelaget sitt arbeid med vindkraft, fortel han.
Den årlege småkraftmønstringa med Småkraftforeninga som ansvarleg går i år av stabelen i Ålesund 20 til 22. mars. - Eg vil rå alle grunneigarar som arbeider med planar om småskala kraftproduksjon, til å nytte seg av det breie informasjonstilbodet som vert gjeve under Småkraftdagane, seier Engvik. Bondelaget er på plass med stand og deltek med fagforedrag både om utvikling av småkraftverk i eigen regi og om vindkraft.
- Spesielt for vindkraftinteresserte er dette eit nytt og viktig tilbod, understreker Bondelaget sin ansvarlege for vind- og vasskraft. På Småkraftdagane treff ein leverandører og får nyttig fagleg påfyll. - Det er framleis høve til å melde seg på heile eller delar av arrangementet .
Småkraftdagane startar med NVE sitt småkraftseminar den 20.03. Onsdag 21.03 finn hovudsesjonen stad med fagforedrag og politisk debatt om utnyttinga av Norge sine fornybare ressursar. Arrangementet vert tredje dagen avslutta med parallellsesjonar for småkraft og vindkraft og synfaringstur til småkraftverk i drift.
- Kontaktperson i Norges Bondelag: Terje Engvik
- Bondelaget sine temasider om småkraft som næringsveg
