Viktig siger for landbruket

Publisert 
Av ,

Sylvi Listhaug ber om ei evaluering av korleis rovdyrbestanden påverkar landbruket.

 

Etter press frå næringa ber landbruks- og matministeren om at det blir gjort ein gjennomgang av kva konsekvensar rovdyra har på beitenæringa.

- Når klima- og miljødepartementet ikkje ville evaluere konsekvensane av rovviltforliket for landbruket, er det bra at Sylvi Listhaug tar ansvar for dette, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

- Det betyr mykje for dei som har utfordringar med rovdyr at deira erfaringar og opplevingar blir tatt på alvor, understreker Bartnes.

I sommar sende Norges Bondelag i lag med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Sau og Geit eit brev til klima- og miljøminister Tine Sundtoft, der vi bad om ei landbruksfagleg evaluering av rovviltforliket for å sjå korleis dette påverkar vår næringa. Sundtoft avviste dette, og det same gjorde statssekretæren hennes i ein debatt med Lars Petter Bartnes på NRK. Departementet let Norsk Institutt for naturforskning NINA gjennomføre evalueringa av den regionale forvaltninga og dei regionale bestandsmåla som vedtatt i forliket.

Viktig siger for næringa

Etter intens jobbing frå vår side, har no landbruks- og matminister Sylvi Listhaug gripe inn i saka og bedd Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) gjennomføre ein vitskapeleg gjennomgang av korleis rovviltbestanden påverkar landbruket.

– Klima- og miljødepartementet gjennomfører den evalueringa av regional rovviltforvalting som Stortinget bad om i rovviltforliket. Eg har lytta  til næringsorganisasjonane og er einig i at det i tillegg er nyttig med ein mer landbruksspesifikk gjennomgang av kva rovviltbestandane betyr for norsk landbruk, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i ei pressemelding.

Brei gjennomgang

- No er det viktig at denne evalueringa blir ein del av kunnskapsgrunnlaget for det vidare arbeidet med rovviltforliket i Klima- og miljødepartementet, og ikkje berre blir brukt av Landbruks- og matdepartementet, seier Lars Petter Bartnes.

Landbruks- og matdepartementet vil be NIBIO sjå på kva betydning rovviltbestanden har for følgjande område innafor norsk landbruk:

  • Matproduksjon basert på norske ressursar
  • Utnytting av beiteressursar
  • Vegetasjon og naturmangfald
  • Alternativ næringsutvikling i landbruket/omstilling til annan drift
  • Beite-/områdebruk innafor reindrifta.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere