Eit nytt landsdekkande HMS prosjekt (helse, miljø og sikkerheit i landbruket ) er på trappene i regi av Landbrukets HMS-tjeneste, gjennnom eit brett samarbeid med andre landbruksorganisasjonar. Hans Huseby, prosjektleiar for kampanjen, leia nyleg eit informasjonsmøte om prosjektplanane i Landbrukets Hus i Oslo, for mellom anna representantar frå fylkesbondelaga og HMS tilsette i sentalt og i fylka.
Prosjektet skal ikkje formelt startast opp før 5. juni i Oslo. Markdagar og fagmøte knytt til gardsbruk vil vere den sentrale aktivitet i prosjektet, med mål om ein aktivitet pr. kommune, hausten 2012 og våren 2013. Det vil bli gjennomført ein prøvemarkdag i kvart fylke i løpet av mai månad d.å., for å skaffe eit erfaringsgrunnlag for seinare gjennomføring.
- Formålet med prosjektet er å setje "Trygghet og helse i landbruket" i fokus gjennom opplysningsarbeid, førebyggande - og konkrete tiltak på garden, der prosjektleiaren uttrykte det mellom anna slik: Ein helsemessig ambisjon med prosjektet må kunne vere å gjennomføre ein fottur til fjellet Kilimansjaro som pensjonert bonde. Det sentrale målet med prosjektet er å kunne redusere arbeidsskader i landbruksnæringa, der eit av måla kan vere å oppnå ferre arbeidsskader enn i Bygg - og anleggssektoren, som kan vere naturleg å samanlikne landbruksnæringa med.
Prosjektet er godkjent av Landbruks - og matdepartementet, som har løyvd 1. million kroner til prosjektet. Dei er også medeigar i prosjektet. Organisasjonane i landbruksnæringa skal saman bidra med ein liknade økonomisk sum til prosjektfinansiering.
Bondelaget sine fylkeskontor vil i samarbeid med regionalt tilsette i HMS vere ansvarleg for gjennomføring av markdagar og fagmøte i samarbeid med lokale bondelag og landbrukssamvirket sine produsentlag m.fl.. Markdagane vil kunne ha ulik fagleg vinkling ut i frå lokalt produksjonsmiljø.
Bondelagets temaside HMS og velferdsordningene
