Korn og potet på Viggja i Sør-Trøndelag

1. Vi har lite dyrkamark i Noreg

Dyrka jord er grunnlaget for all matproduksjon i landbruket, og er ein svært liten ressurs i Noreg. Berre 3 prosent av det samla norske arealet er jordbruksareal. Det er svært lite samanlikna med andre land. Gjennomsnittleg jordbruksareal per innbyggar på globalt nivå er 2,7 dekar, mens det i Noreg berre er 2,1 dekar.

Kvart år blir det bygd ned om lag 10.000 dekar med dyrka og dyrkbar mark i Noreg. Det er like mykje som 1550 fotballbanar. Utbygging av bustader og næringsbygg tar halvparten av denne jorda.

I 2014 gjekk 6000 dekar dyrka mark ut av produksjon. Det er venta at mer jord vil forsvinne i 2015.

2. Matjorda veks ikkje på tre!

Trua matjord på glasMatjord er ein ikkje-fornybar ressurs.
Dyrka jord er eit resultat av tusenvis av år med naturlege jordsmonndannande prosessar, der dyrking og kultivering gjennom fleire hundre år har bidratt til å utvikle det vi i dag har av god dyrka jord.

Det kostar om lag 200 000 til 300 000 kr per dekar å gjere om ikkje-dyrkbare område til dyrkamark. Å nydyrke dyrkbare areal kostar berre om lag ein tidel av dette. Men eitt dekar nydyrka areal er ikkje like produktivt som eitt dekar som har vore dyrka i mange hundre år.

3. Sjølvforsyning er viktig

Norsk sjølvforsyning av mat blir rekna til å vere om lag 50 prosent, men det varierer frå år til år. Når vi reknar ut sjølvforsyningsgraden tar vi med norsk jordbruksproduksjon og norsk fisk, og det er rekna ut ifrå kor stor del av det samla energiforbruket vårt som kjem frå norskprodusert mat. Fisk utgjer ein liten andel av dette.

Flaum i kornåkerKvaliteten på kornavlingane er avgjerande for denne variasjonen. Dersom ein stor andel av kveiteproduksjonen er god nok til å brukast til matkorn, blir sjølvforsyningsgraden høgare enn dersom dette kornet går til fôr, og vi må importere matkorn frå utlandet.

Den siste rapporten frå FNs klimapanel som vart lagt fram i mars 2014 anslår at den globale matproduksjonen vil komme til å bli redusert med 2 prosent kvart tiår framover. På same tid vil behovet for mat  auke med 14 prosent i same periode. Det vil altså kunne bli eit større underskot av mat i verda, og det vil vere viktigare enn nokon gong å kunne vere mest muleg sjølvforsynt av mat. Då må vi produsere mat på dei areala som er eigna for det.

4. Norskprodusert mat er trygg å ete

God dyre- og plantehelse er ein grunnpilar i norsk landbruk.

Norsk landbruk brukar minst sprøytemiddel i Europa, og i Noreg er det berre lov å bruke plantevernmiddel som er godkjent av Mattilsynet. Det er strenge krav til kva middel som kan bli godkjent, spesielt med tanke på uheldige effektar for helse og miljø.

Her til lands er det strenge krav til godkjenning og merking av genmodifiserte produkt (GMO), og fram til i dag har ingen genmodifiserte produkt blitt godkjent  som matvarar eller som ingrediensar i matvarar i Noreg.

Norsk landbruk har også strenge reglar for antibiotikabruk i husdyrhaldet, og har det lågaste antibiotikainnhaldet per kilo kjøtt i Europa. Dette er viktig for å hindre spreiing av antibiotikaresistente bakteriar, som kan føre til at folk og dyr sluttar å reagere på antibiotika. Vi har også blant dei lågaste funna av salmonella i Europa.

Høgast muleg grad av sjølvforsyning basert på norske ressursar gir god matryggleik.

Kyr på beite

 

5. Klimaendringar trugar den globale matproduksjonen

Klimaendringar vil gje lågare avlingar globalt, og også nasjonalt har vi allereie sett at endringar i klima kan føre til svært varierande avlingar. Dette varierer gjerne mellom ulike landsdelar frå år til år. Klimaendringar fører til at matproduksjonen er meir sårbar. Med eit landbruk over heile landet, i område med ulikt klima, står vi betre rusta til å oppretthalde ein nasjonal matproduksjon trass i endringar i temperatur og nedbør.

Stor kornproduksjon og satsing på kombinert mjølke- og kjøttproduksjon, slik vi har det i Noreg i dag, gir størst matproduksjon på norske ressursar. Ved å ha ein eigen kornproduksjon blir vi mindre avhengig av å importere korn frå andre land som har andre holdningar enn oss til bruk av plantevernmiddel og genmodifiserte plantar.

Ein stor del av det dyrkbare arealet her til lands som ikkje er tatt i bruk, har kvalitetar som gjer at oppdyrking av areala kan ha negative miljøeffektar. Til dømes er 35 prosent av det dyrkbare arealet myr, og oppdyrking av myr kan gje utslepp av klimagassar. Når klimarapportane viser at tørke mest sannsynleg vil redusere verdas matvareproduksjon, har vi eit ansvar for å nytte matjorda i vår del av verda på ein best mogleg måte. Vi importerer allereie om lag halvparten av råvarene som inngår i kraftfôret til husdyra våre. Vi importere også 80 prosent av fôret til oppdrettsfisken, der korn utgjer ein betydeleg andel. Det gjer oss sårbare i ein situasjon med matmangel på verdsmarknaden.

Kornåker

6. Eigen kornprodukson er god beredskap

Korn og kornprodukt er den viktigaste basismatvaren i verda. Om lag ein tredel av det fulldyrka arealet i Noreg blir brukt til å dyrke korn, og mesteparten av dette kornet blir nytta til husdyrfôr. Kornarealet i Norge er redusert med 23 prosent eller 845 000 dekar frå 1991 til 2013.

Det meste av nedbygginga har skjedd i dei delane av landet som har areal egna til matkornproduksjon. Akershus, Østfold, Vestfold og Hedmark er dei fylka der det i dag blir produsert mest korn, og samstundes ligg mykje av den mest truga dyrkamarka vår i desse fylka. Her er det byar og tettstader med stor folkeauke og behov for utbygging av infrastruktur som bustader, veg og jernbane. Det vil kunne få alvorlege konsekvensar for kornproduksjonen.

Auka norsk kornproduksjon er avgjerande for å kunne nå målet om auka sjølvforsyning. Klimautfordringar vil altså kunne gje meir sårbare avlingar her til lands. Seinast i 2011 var det elendige norske kornavlingar på grunn av temperaturauke og meir nedbør enn vanleg, noko som gjekk utover kvaliteten på matkorn og fôr. Dette året opplevde vi også den såkalla smørkrisa som eit direkte resultat av dette.

Med ein sårbar situasjon for den globale matproduksjonen og med eit meir uføreseieleg klima nasjonalt, treng vi den dyrkamarka vi har til å produsere norsk mat.

Arktisk landbruk i Troms

7. Jordvern er viktig for eit mangfaldig jordbruk over heile landet

I fleire år har landbrukspolitikken lagt til rette for ei ønska produksjonsfordeling mellom landsdelane. Kornproduksjonen skjer i dei områda som er best egna for det, det vil altså seie på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Dei grasbaserte husdyrproduksjonane er kanalisert til andre distrikt. Dette blir kalla for kanaliseringspolitikken. Østfold dyrkar i dag korn på 90 prosent av jordbruksarealet, mens i Møre og Romsdal blir 95 prosent av jordbruksarealet nytta til husdyrproduksjon. 

Denne modellen bidrar til å utnytte dei dyrkbare areala i Noreg på best mogleg vis, og til at vi får ein samansett norsk matproduksjon. Jordbruk over heile landet bidrar også til levande bygder og sysselsetting. Husdyrproduksjon opprettheld kulturlandskapet og hindrar attgroing i distrikta. Jordvern er viktig for å oppretthalde mangfaldig landbruk over heile landet.

8. Aktivt jordbruk held oppe det biologiske mangfaldet

Eit rikt dyre- og planteliv er avhengig av aktiv landbruksdrift. Dette gjeld både i beiteområde og på dyrka mark. Landbruket er viktig for å ta vare på artar som er avhengig av kulturlandskapspleie gjennom slått eller beite. Omlegging eller opphøyr av drift vil vere ein trussel for artar som har tilpassa seg spesielle levevilkår under dei driftsformene som har vore.

9. Vi har lite areal i reserve

73 prosent av det potensielt dyrkbare arealet i Noreg ligg i klimasoner der arealet er uegna for matkornproduksjon. Det betyr at vi ikkje har arealreservar i Noreg som gjer at vi kan dyrke opp areal av like god kvalitet som den dyrka marka som blir bygd ned. Noreg har dermed lite areal i reserve som kan brukast til å produsere matkorn.

10. Politiske mål om auka norsk matproduksjon

Landbruksministeren vil også produsere meir mat i NoregI den gjeldande landbruks- og matmeldinga ”Velkommen til bords”, Stortingsmelding nr 9 2011-2012 er det eit uttalt mål at norsk matproduksjon skal auke i takt med befolkningsauka, tilsvarande ein prosent kvart år, i dei kommande 20 åra. Stortingsmeldinga seier også at vegen til å nå dette målet er å produsere meir av alt, i størst mogleg grad å baserer produksjonen på norske ressursar, og at vi må dyrke korn der det går an å dyrke korn.

Regjeringa Solberg skriv i si regjeringserklæring at ”Regjeringen vil arbeide for en høyest mulig selvforsyning av mat av beredskapshensyn”. Vidare har ein samla næringskomité, inkludert representantane frå regjeringspartia, uttalt dette i behandlinga si av statsbudsjettet 2014: ”Komiteen viser til at det er bred enighet om at norsk landbruk skal ha fokus på økt matproduksjon med intensjon om økt selvforsyning. Dette har blitt trukket frem av både den rød-grønne regjeringen og Solberg-regjeringen.” Den same komiteen gjentok målet om auka sjølforsyning under behandlinga av Venstre sitt framlegg til heilskapeleg jordvernplan.

 

(Kjelder: Landbruksdirektoratet, Skog og landbruk, Norsk Landbrukssamvirke, Bioforsk, Felleskjøpet, Store Norske Leksikon, regjeringen.no, matportalen.no)